Leiar

Eid kan bli Årets frivillighetskommune

Eid er ein av tre finalistar i kåringa til å bli Årets Frivillighetskommune 2019.

Frivillig: Alle arrangement og lag og organisasjonar er heilt avhengig av at folk stiller som eldsjel med samfunnsnyttig formål.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

All honnør til alle eldsjeler i Eid, som står på natt og dag for at arrangement kan gjennomførast.

Meiningar

Dette er ei utmerking som KS og Frivillighet Norge deler ut til kommunar som satsar sterkt og systematisk på å legge til rette for frivillig arbeid. I den samanheng har Eid vorte lagt merke til. Kommunen med litt over 6.000 innbyggjarar skil seg ut, samtidig som vi veit at det er mange frivillige som står på rundt om i heile landet – ikkje minst i Nordfjord.

Berre å bli nominert er stort, og all honnør til dei som legg forholda til rette for lag og organisasjonar. Men ikkje minst – all honnør til alle eldsjeler i Eid, som står på natt og dag for at arrangement kan gjennomførast, eller at sonen og dottera di har noko meiningsfullt å bruke fritida si på.

Det er langt frå lukrativt å vere frivillig. Samtidig er tilbakemeldingane frå alle dei som til dømes stiller opp år etter år for Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord at det gir dei så mykje. Både sosialt – det å kome saman med andre og gjere oppgåver i lag, men også gleda og tilfredsstillinga av å kunne bidra er motivasjon for mange.

Og er du innflyttar så er det å jobbe frivillig ein fin måte å bli kjende med lokalbefolkninga på. Det er ingen annan stad du blir betre kjend enn når ein står skulder ved skulder med eit mål for auge – enten det er som vakt på Malakoff, sy kostyme for operaen eller gjere forefallande arbeid på Harpefossen før skisesongen startar. Og alle arrangement og lag og organisasjonar er heilt avhengig av at folk stiller som eldsjel med samfunnsnyttig formål.