Leiar:

Siste tida har det vore ei hærverksbølge

Siste tida har det vore ei hærverksbølge i Nordfjordeid sentrum. No vurderer Eid kommune overvaking av skuleområda dersom dette ikkje tar slutt.

ØYDELAGD: Benken på moloen får ikkje stå i fred, sjølv ikkje etter at den vart festa både til vegg og betongunderlaget.  Foto: Anna Wuttudal

Det er viktig at vi ikkje ugleser all ungdom, men ein slik oppførsel som nokre ungdommar o vuser er ikkje akseptabelt.

Meiningar

Det har blitt herja med benkar og blomsterkasser, og dei offentlege toaletta i Sagaparken vert ramponert. Ting som er sett ut for pynt eller bruk for oss alle vert ramponert. Det mest alvorlege er at det har vore eldspåsetjing ved begge sentrumsskulane.

Spørsmålet er sjølvsagt kvifor dette skjer. Ein kan lure på om ungdommen har sove i timen når ein lærer om kva som er mitt og ditt. Er det tankeløyse frå ungdommen, «bryr meg ikkje»-haldning, eller er det vi foreldre som har svikta i oppsedinga av våre håpefulle?

Eid kommune har meldt frå til politiet at dei i den seinare tida har merka ei endring i åtferd på Nordfjordeid. Det er bekymringsfullt.

No vert vaksne som ser uakseptabel oppførsel oppmoda til å seie ifrå til ungdommane. Det handlar om å bry seg og seie ifrå.

Spørsmålet er sjølvsagt kvifor nokre ungdommar oppfører seg slik – om det er behovet for å tøffe seg for andre i miljøet ein vankar i, få ei stadfesting på ein eller annan måte eller om det er mangel på å finne på noko anna.

Vi har mange flotte ungdommar i distriktet vårt. Mange er engasjerte i eit eller fleire fritidstilbod, men det er også slik at ikkje alle har interesse for idrett eller kultur. Det kan gjere at nokon fell utanfor fellesskapet som vi gjerne solar oss i glansbildet av.

Det er viktig at vi ikkje ugleser all ungdom, men ein slik oppførsel som nokre ungdommar no viser er ikkje akseptabelt. Kanskje denne ungdomsgruppa treng å høyre dette frå si eiga aldersgruppe også. «Slik vil vi ikkje ha det».