Svar til leiar i Fellesnemnda

Styret i Utdanningsforbundet Eid reagerer på Stein Robert Osdal, leiar i Fellesnemnda for Eid og Selje, si uttale i Fjordabladet om den jobben som spesialpedagogane og PPT-tilsette i Eid og Vågsøy gjer.

Vigdis Heimdal Reksnes er lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Eid.   Foto: Privat

Meiningar

Vi meiner at det er viktig å framsnakke det kommunale PPT-kontoret i Selje og det fylkeskommunale PPT-kontoret på Eid. Dei tilsette på begge kontora sit med solid og viktig fagkompetanse som vi treng i Stad kommune. Vi må sjå framover og bygge ei god og framtidsretta teneste saman til det beste for borna som skal vekse opp i kommunen vår.


 

Vi kjenner oss ikkje att i uttalen der leiar i Fellesnemnda trekkjer i tvil dei tilsette i PPT  Eid og Vågsøy sin kompetanse til å handtere barna frå eitt år og oppover. PPT Eid og Vågsøy har vore eit fylkeskommunalt kontor sidan 2004 og dei tilsette på kontoret har levert ei gjennomgåande teneste til barn, unge og vaksne som treng tilpassingar i si opplæring. Dei har solid og brei fagkompetanse frå dei minste i barnehage, til barneskule, ungdomsskule, vidaregåande opplæring og til og med vaksenopplæring. PPT arbeider systemretta mot barnehagane og skulane i Eid kommune for å gi barna ei betre individuell pedagogisk tilpassing. Dei tilsette på kontoret har bidrege til både rettleiing av tilsette og kompetanse – og organisasjonsutvikling, der målet heile vegen har vore å gi eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

PP-tenesta skal vere uhilda og skal ikkje la seg påverke av politikarar eller kommuneadministrasjon, men utføre arbeidet knytt til det gjeldande lovverket. At det er innanfor lovverket å kjøpe tenesta med fylkeskommunen kan vi forsikre leiaren i Fellesnemnda om. I opplæringslova § 5-6 kan ein lese om Pedagogisk-psykologisk teneste:

«Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta»

I Eid kommune har ein i tillegg til å kjøpe PP-tenester frå fylkeskommunen i fleire år hatt eit spesialpedagogisk team som har arbeidd direkte ut mot barnehagane og skulane. Dette er eit lågterskel tilbod som har gjort at ein i større grad har lukkast med tidleg innsats i barnehage og skule. Det systemretta arbeidet har ein kome langt med også i Eid, og inkludering av barn og elevar med særlege behov i barnegruppa og klassa er eit viktig satsingsområde. Samarbeidet mellom det spesialpedagogiske teamet i Eid kommune og det fylkeskommunale kontoret har gitt gode resultat knytt til spesialpedagogiske tiltak.

7. mars 2019 fekk Fellesnemnda ei orientering om framdrifta og statusen i arbeidet med PPT Stad. Det vart informert om at ei arbeidsgruppe utgreia dei ulike alternativa og at dette var ein administrativ arbeidsprosess. Det vart også orientert om at arbeidsgruppa skulle kome med si tilråding i juni 2019, og at programleiar i etterkant av tilrådinga skulle gjere endeleg vedtak i saka.

No har ein valt ei løysing for PP-tenesta i Stad kommune. Vi skal skape noko nytt og Utdanningsforbundet Eid meiner at det er framtidsretta å skape eit større og sterkare fagmiljø. Det er viktig å samle dei gode kreftene og den solide fagkompetansen som ein sit med i både Eid og Selje for å bygge eit godt tilbod til det beste for barna våre. Framtida er å bygge kunnskap saman.