Dagens leiar

Kulturturisme

Kultur skal lokke fleire turistar, og rapportar fortel at kulturturistar legg igjen pengar.

Kor spesielt Selja kloster og historia rundt er, kan ein utnytte mykje meir enn det ein har gjort til no.  Foto: Arkiv

Vi har tru på at meir kultur vil fengje fleire turistar også i framtida.

Meiningar

I Innovasjon Norge er det fokus på nettopp kulturturisme. Ein ser at her er det marknadsmoglegheiter.

Fjordar, fjell, naturfenomen og utandørsaktivitetar toppar lista over kva turistar forbind med ferie i Norge. Men fleire vil besøke Norge om dei trur ein har noko meir å tilby.

For tida vert det jobbe med etablering av Selje som pilegrimssenter, og det er planar om eit pilegrimstun og eit kunnskapssenter for kristning, kloster og pilegrim i Selje.

Dette er spennande planar. Den heilage øya Selja er eit unikt kulturminne både i nasjonal og internasjonal samanheng.

Men kor spesielt Selja kloster og historia rundt er, kan ein utnytte mykje meir enn det ein har gjort til no.

Det høyrest fornuftig ut å tenkje eit kunnskapssenter på fastlandet i Selje. Kanskje kan ein rive det forfalne Sunnivahuset og byggje nytt – ei ypparleg og sentral tomt for eit kunnskapssenter.

Også på Nordfjordeid er det planar for meir kulturturisme- med å byggje eit nytt Hær- og samfunnsmuseum. Forsvaret har hatt ein sentral plass i Eid, og eksersisplassen er også den eldste i landet. Her osar det historie lang veg – faktisk gjennom 400 år. Samtidig er det naudsynt å sette i verk tiltak for å sikre dei historiske bygningane på Eksersisplassen.

Tidlegare i år opna kunnskapssenteret Sagastad – som fortel litt av den rike vikinghistoria vi har på Nordfjordeid.

Vi har tru på at meir kultur vil fengje fleire turistar også i framtida. Utfordringa vert finansieringa. Det er lov å drøyme – verre vert det å skaffe pengane, i ein ny Stad kommune som har hengande over seg at ein må spare mange millionar.