Vindkraft vest

Stad SV er klårt imot bygging av vindturbinar på land.

Tonje Camilla Sjaastad, leiar i Stad SV.  Foto: Arkivfoto

Meiningar

I Sunnmørsposten 17.12.13 kan ein lese at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav Vestavind Kraft konsesjon for bygging og drift av Okla vindkraftverk i Selje kommune i Nordfjord. Konsesjonen gjalt inntil ni vindturbinar og 21 megawatt (MW), lokalisert til høgdedraget mellom Kyrnosa og Kjødsnosa. Vindkraftverket er tenkt knytt til det lokale distribusjonsnettet. Berekna energiproduksjon er på cirka 65 millionar kWh - tilsvarande straumbehovet for rundt 3.150 husstandar.

Dette var i 2013. Dåverande ordførar Ottar Nygård (tidl. Ap, då Tverrpolitisk liste) i Selje kommune uttalte då på vegne av Selje kommune at han var nøgd med vedtaket frå NVE:

«Det er ei gladmelding for oss i Selje kommune at Okla får konsesjon. Planane inneber investeringar på over 200 mill kr, og ringverknadene frå utbygging og drift av anlegget er av stor verdi for kommunen, sa han.» (Sunnmørsposten 17.12.13).

Redd for fuglelivet

I same artikkel i Sunnmørsposten 17.12.13 går det likevel fram at Fylkesmannen derimot var ikkje nøgd med planane, og fremja motsegn til Okla-prosjektet. Motsegna var mellom anna knytt til moglege konsekvensar dei ni vindturbinane kan ha for fugl.

I Sunnmørsposten 12.05.15 får vi vite at Olje- og energidepartement gav Vestavind kraft AS konsesjon til Okla vindkraftverk med tilhøyrande nett-tilknyting og infrastruktur i Selje kommune. Dåverande stortingsrepresentantar Oskar Grimstad (Frp) og Bjørn Lødemel var (H) var nøgde med avgjerda.

NRK refererer 24.07.19 at kommunepolitikar i Eid kommune og ordførarkandidat for Stad Ap Siri Sandvik ikkje vil stogge vindkraftprosjekt. «Prosessen har kome for langt til at vi kan stoppe det» seier Sandvik.

I same oppslag hjå NRK går det fram at heller ikkje ordførarkandidat Alfred Bjørlo (V) vil setje ned foten for prosjektet på noverande tidspunkt.

Innbyggjarar og komande politikarar i framtidige Stad har ikkje fått uttale seg om kva dei meiner om vindkraft i Stad kommune.

SV var ikkje representert i dåverande eller noverande Selje kommune. SV har med dette ikkje fått uttale seg politisk om konsekvensane av utbygging av gigantiske  vindturbinar i komande Stad kommune. (Vi kan her droppe spørsmålet om folk i Vannylven har blitt spurd).

Er grunneigarar, dei oppveksande generasjonar, politikarar og andre engasjerte innbygjarar i Stad kommune SIKRE på at dette er klokt, fremtidsretta, bærekraftig og rett å realisere?

Vi sit i dag inne med mykje meir informasjon og kunnskap om fordelar og ulemper vedkomande vindindustrianlegg no - enn vi gjorde for nokre år sidan...

Facebook gruppa «Nei til vindmøller på Stad!» vart starta av Torkjell Djupedal 13.07.19. Djupedal seier 24.07.19 «No er vi 1300 medlemmer i gruppa, omlag halve folketalet i Selje kommune. Fabelaktig respons på kort tid. Klar melding om at folket ikkje vil ha vindturbinar på Stad! Noko å tenkje på for politikarane som skal ha stemmer til hausten..»

Okla har planlagt å setje i gang av prosjektet deira no i haust.

Om handbremsa  skal aktiverast må det skje med ein gong. Når omfattande anleggsvegar, kablar og store P-plassar ved kvar mastefot er etablert, då er det litt seint.

Stad SV er klårt imot bygging av vindturbinar på land.

Vi finn at prosessen bør stoggast no slik at innbyggjarar i komande Stad kommune får uttale seg om det aktuelle vindkraftprosjektet til Okla  - og til vindkraft på land i Stad kommune generelt.


Jørgen Rolighed Bergset, tidlegare leiar i Eid SV, Tonje Camilla Sjaastad, leiar i Stad SV