Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune

–Når staten stikk av

Det er enno ikkje for seint for regjeringa å syne handlekraft, og å demme opp for eit Senterparti som gjer seg feite på andre si maktesløyse. Men då må regjeringa og andre nasjonale politikarar kome på banen.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo bles i trompeten og sender ei kraftig åtvaring mot regjeringa sin manglande innsats for å gjere staten til medspelar i å byggje sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile Noreg.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Kronikken stod først på trykk i VG - 19. juli.

«Passivt, hjelpelaust og eit trugsmål mot framtida i distrikta.»

Det er den mest treffande karakteristikken på regjeringa sin manglande innsats for å gjere staten til medspelar i å byggje sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile Noreg. No held det på å rakne for mange av dei gjenverande statlege kompetansemiljøa i distrikts-Noreg - med politikarar på tribuna.

2019 byrja så bra. Ei ny regjeringserklæring (Granavolden) sa for fyrste gong at staten skulle samordne seg på tvers av sektorar for å spreie statlege kompetansemiljø over heile landet.

Samtidig reiste kommunalminister Monica Mæland landet rundt og henta innspel til ei ny Distriktsmelding. Ho var mellom anna på besøk her på Eid, og var krystallklar på at no skulle «stats-siloane» samordnast på tvers. Konkrete idear til korleis det kan gjerast i praksis, fekk ho med seg på vegen.

Så vart det bråstopp.

Den varsla Distriktsmeldinga har vi aldri sett. Eldprøva på Granavolden-erklæringa, omorganiseringa av Statens Vegvesen, ser ut til å ende i eit mageplask. Det ligg no an til å bli sentralisering der regjeringa lovde desentralisering – og gammaldags silo-tenking der regjeringa lovde samordning på tvers.

I dag har Statens Vegvesen (SVV) desentraliserte forvaltingsmiljø på små og store stader over heile landet. Det betyr at det er mulig å bu om lag kvar som helst i Noreg og arbeide med spesialiserte oppgåver i Statens Vegvesen regionalt eller nasjonalt - med effektiv bruk av moderne teknologi.

Rett før sommaren klarte regjeringa å rive beina under denne moderne og velfungerande modellen. Det einaste som no er politisk bestemt, er at forvaltingsmiljøa i SVV skal ha si base på berre 12-13 stader i Noreg - herunder mange større byar som har rikeleg med statlege forvaltingsarbeidsplassar frå før (Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø etc).

Resten har rikspolitikarane rett og slett gitt frå seg styringa på. No er det i praksis opp til ein tilfeldig byråkrat si velvilje og «personlege skjønn» om Statens Vegvesen framleis skal ha statlege kompetansemiljø i Nordfjord, Sunnhordland, Valdres eller andre stader i distrikts-Noreg.

Med seg på vegen frå regjeringa får vegbyråkratane eit innsparingskrav - og ein rapport frå eit fransk konsulentselskap som tilrår SVV å kvitte seg i stor stil med eigedom i distrikta, og samle seg i dei største byane der eigedomsmassen er meir verdt.

Ingen insentiv til samordning med andre etatar, ingen krav til å ta omsyn til at ikkje distriktsregionar kjem tapande ut på område etter område.

Og snart kjem nye rundar: Ein ekspertleia prosess som no pågår i rettsvesenet, kjem garantert til å ende med ein rapport som tilrår nedlegging av små fagmiljø i distrikta og samling i dei største byane. Utan sideblikk til Granavolden-erklæringa, og utan at rikspolitikarane i ettertid kjem til å gjere anna enn å takke og bukke.

Så blir det frå regjeringa si side gong etter gong synt til eit par enkeltståande døme på at ein har gjort det motsette, som flyttinga av Fredskorpset til Førde.

Ja, det var eit glimrande grep, som har fungert utmerka. Så kvifor i all verda gjer ein då ikkje meir? Kvifor lar regjeringa det bli med dei få døma på enkeltståande utflyttingar, i staden for å syne handlekraft der det verkeleg betyr noko - i dei store statsetatane?

Og kvifor lar regjeringa oss som har vore pådrivarar for større kommuner i distrikts-Noreg i stikken, og lar oss stå igjen som døme for resten av distrikts-Noreg på at det ikkje hjelper uansett? Det eg og mange andre inntil no reformvenlege distriktspolitikarar opplever, er at staten ikkje bryr seg med oss – uansett om vi slår oss saman og blir større.

Den 14. august i år er Eid kommune medarrangør av ein debatt på hovudprogrammet i Arendalsuka - om distriktspolitikk. Der skal eg sitje i panel med Kommunalministeren, Sp-leiar Vedum og andre sentrale rikspolitikarar.

Eg håpar inderleg regjeringa innan den tid har noko å kome med som gjer det mulig som Venstre-mann å sitje i eit slikt panel og seie anna enn at Senterpartiet synte seg å få rett. Om ikkje Trygve Slagsvold Vedum har gode svar (noko han ikkje har), så maktar han i alle fall å sjå distrikts-Noreg nedanfrå, og er tøff nok til å seie ifrå.

Det må fleire gjere - uansett parti. Det som no skjer av stille statleg sentralisering er så massivt, uhandterleg og alvorleg at eg alle partitaktiske omsyn må leggast til side. No handlar det om å sikre vekstkrafta til distrikts-Noreg - i ei framtid der vekspotensialet i eit nyskapande og grønt næringsliv er større enn nokon gong.

Det er enno ikkje for seint for regjeringa å syne handlekraft, og å demme opp for eit Senterparti som gjer seg feite på andre si maktesløyse.

Men då må regjeringa og andre nasjonale politikarar kome på banen, og ikkje rømme opp på tribunen og overlate til statsbyråkratiet å stikke av frå distrikts-Noreg.