Snevert om vikingane?

Det er altså snevert å kritisere vikingmuseum for å vere snevre når dei ikkje formidlar heile historia om vikingane.  

«Det er positivt at folk engasjerer seg», seier styreleiaren. Jo takk, det er den slags overberande kommentarar næringslivsfolk og andre tyr til når dei skal leggje ei sak bak seg. Dette handlar ikkje om engasjement, Bergset, men om ein nødvendig museumsfagleg kritikk, skriv Ottar Grepstad i dette innlegget.  

Meiningar

I ein kronikk som Fjordabladet trykte 25. juni, kritiserte eg norske museum for at dei gir ei snever framstilling av vikingtida når dei fortel minst mogleg om vikingane som krigarar. Det er eit litt snevert syn, svara styreleiar Roger Bergset i Sagastad då NRK ringde han. Det er altså snevert å kritisere vikingmuseum for å vere snevre når dei ikkje formidlar heile historia om vikingane.  

Sagastad vil «setje historia inn i eit litt større perspektiv og fortelje korleis folk levde i vikingtida», seier Bergset. Det er det museum har gjort lenge. Dei fortel mykje og godt om det å leve her nord i vikingtida. Kva vikingane gjorde der dei kom, kvifor dei gjorde det, og kva det gjorde med dei som levde der, må gjestene finne svar på andre stader. Er dei på Vikingskipsmuseet på Bygdøy, finn dei fleire gode bøker om emnet i museumsbutikken. 

Vikingsenter og vikingstader ploppar opp landet rundt. Sagastad kjem slett ikkje dårlegast ut, som eg også viser i kronikken. La det likevel vere ein tankekross at til dømes Johannes Heggland gav eit mykje meir samansett bilete av vikingtida i Tysnes-soga 1964 enn museum flest gjer eit halvt hundreår seinare. 

«Det er positivt at folk engasjerer seg», seier styreleiaren. Jo takk, det er den slags overberande kommentarar næringslivsfolk og andre tyr til når dei skal leggje ei sak bak seg. Dette handlar ikkje om engasjement, Bergset, men om ein nødvendig museumsfagleg kritikk. 

For reiselivsnæringa høver det nok godt at Sagastad gjer vikingtida passe ufarleg og heroisk. Med Sagastad skal publikum få «kjenne suget i magen over historia vi lever midt i til kvardags», sa ordførar Alfred Bjørlo då Sagastad blei opna. Han sa også at kong Audbjørn «var ei verdsborgar – i ei grenselaus verd». I opningstalar kan mykje rart bli sagt, men ærleg talt. Då cruiseskipet kom 21. mai, stod det i det offisielle programmet at «ordførar og vikingar tek imot» og at gjester kan «ta foto med ein viking».

Dette er ahistorisk folklorisme av same sorten som turistar blir utsette for verda rundt, og det er ein utvendig omgang med historia som Sagastad har valt å plassere seg altfor nær. «Velkomen til vikingtida» seier ei kvinne på ein svær flatskjerm til gjestene som kjem inn naustdøra i den fine bygningen. Eit mykje klokare menneske enn eg har sagt at det nyttar ikkje å springe etter fortida – du tek den ikkje att likevel. 

Sagastad er slett ikkje åleine om denne viking-folklorismen, men det er ikkje rista i stein at sjølv eit nytt vikingsenter må gjere det slik. Der er ingen historiefaglege eller kulturfaglege argument som rettferdiggjer slike grep. Her er også eit politisk problem. Di mindre kritisk norske museum presenterer vikingtida, di større spelerom får høgrenasjonalistane i si politiske og folkloristiske dyrking av vikingane. Det er eit av dei perspektiva i denne saka som ikkje bør snevrast inn til eit spørsmål om engasjement.