Skråblikk

Soga om ein kommune, som aldri kunne ete seg mett

Dette er soga om ein kommune, som aldri kunne ete seg mett – eit skrått tilbakeblikk på dei politiske prosessane, som nødvendigvis må ha funne stad, for å opne opp for cruiseturisme.

Fiksjon: Det vart vedteke, mot ei stemme, at all potensiell negativitet omkring cruise skulle slåast hardt ned på. Dette for å få bukt med oppslitande dårleg omtale, særs med tanke på dei som i frustrasjon kunne finne på å gå ut i dagspressa, heiter det i denne soga om kommunen som aldri kunne ete seg mett.   Foto: Tormod Flatebø

Randi Merete Haugland, med eit skårblikk på cruisevedtak.   Foto: Fjordabaldet

Meiningar

Note til eventuelle lesarar: Dette er ei soge basert på rein fiksjon. Eventuelle parallellar til stad og folk, som lesaren sjølv måtte trekke, kan forfattaren sjølvsagt ikkje ta ansvar for. Om der likevel skulle vere dei som tykkjer historia tangerer vel nærme visse sanningar, om både folk og stad, så vil eg i god politikarånd nekte for, at eg nokon gong har sagt dette. Sjølv om det står på skrift.

Soga byrjar, og sluttar, i ein tettstad idyllisk plassert inst i ein fjord. Staden var, som mange andre tettstadar, verken for stor eller for liten, men sånn akkurat passe, om du spurte folk som budde der. Vintrane var rolege og somrane var prega av litt meir hektisk aktivitet. Folk flest var nøgde, både med dei folkevalde og med grada av investeringar. For dette var ein stad i vekst, både innan handel og kultur. Og for dei aller fleste, så var dette meir enn nok. Faktisk kunne ein høyre folk seie både titt og ofte, at ein no hadde alt.

Men verda rommar ikkje berre dei som meiner at nok er nok. Der er og dei, som aldri vert mette, og som alltid grådig er på jakt etter meir å fortære. Desse spelar gjerne sitt spel i dei mørke kulissane, trekk i trådar og kviskrar smigrande ord i øyra på andre. Ord, som kanskje i byrjinga ingen vil høyre på. Men etter kvart kan desse orda likevel kome til å skape tvil, om nok faktisk er nok, og kva som vil skje, om det ein har gjort viser seg å ikkje vere godt nok. Slik var det og på denne staden, og førte til ein serie av hendingar, som til slutt ikkje let seg stoppe.

Ein trykkande seinsommardag i september vart det på denne tettstaden arrangert eit folkemøte i kommunestyresalen. Dette var sjølvsagt eit ope møte, for å gje folk eit inntrykk av at avgjerslene ikkje allereie var trefte på førehand. Nok eit døme på eit godt og vel fungerande demokrati i praksis. Mange hadde møtt opp, og kommunestyresalen var fylt til randa. Saka, som skulle avgjerast ein gong for alle, omhandla den mest debatterte og betente verkebyllen dette året, nemleg om ein skulle opne opp for cruiseturisme.

Befolkninga var splitta i synet på saka, alt etter kva eigeninteresse dei hadde innanfor emnet. Slik er det gjerne med folk, ein ser ting helst frå sin eigen ståstad, og ein overlèt det store bilete til politikarane. Men det finurlege med politikarar er, at dei og berre er vanlege folk, som av ymse grunnar har hamna der dei er, og som også likar å sjå sakene frå sin eigen ståstad. Dessutan var det i denne kommunen, som så mange andre, eit problem med for kort tid til å lese tjukke saksdokument, og kanskje ein mangel på kompetanse innanfor alle dei vanskelege sakene det er forventa ein skal kunne noko om. Ikkje rart det gjekk som det gjekk, kan ein tenkje i ettertid.

Møtet, som starta ganske sivilisert, utvikla seg raskt i ei uoversiktleg retning. Steile frontar mellom miljøvernarar, dei med næringsinteresser, dei som stort sett er nøgde med alt og dei som var så svoltne så svoltne på meir, braka i hop i ein overoppheta diskusjon, som dei ærverdige veggane i styresalen sjeldan har sett maken til. Ei sjel på bakre rad såg i tillegg sitt snitt til å stille sjølvaste ordføraren til veggs, med å påpeike tidlegare slagkraftige ytringar og lovnader til veljarar og presse omkring ingen cruise utan landstraum.

Ordføraren såg seg naudsynt i å nytte klubba han nødig tok fram, for å roe gemytta, og der vart presentert ei skotsikker løysing på problemet. Ein strategi utvikla med tanke på å torpedere noverande og framtidige tvil omkring grad av omsyn i miljøsaker. Ein innsåg, at med all den lurvete omtalen cruiseturisme nyleg hadde fått i dagspressa, så kunne ein ikkje i ettertid skulde på, at ein ikkje var klar over kor ille dette var. Løysinga var like enkel, som den var genial. Ein kunne rett og slett berre vedta at ein gjekk så langt tilbake i tid i pågjeldande sak, til då kunnskapen omkring denne ikkje var problematisk. For cruise sin del, så kunne ein då til dømes gå utifrå kunnskapen ein hadde rundt år 2004, då cruiseturisme var mektig populært og i framdrift, og all snakk om miljøøydeleggingar var heller minimal. Då slapp ein og å måtte halde seg til andre sine negative erfaringar. Og sjølv med heftige protestar frå miljørørsla, så vart løysinga vedteken, mot ei stemme.

I tillegg vart det vedteke, mot ei stemme, at all potensiell negativitet omkring cruise skulle slåast hardt ned på. Dette for å få bukt med oppslitande dårleg omtale, særs med tanke på dei som i frustrasjon kunne finne på å gå ut i dagspressa. Dette skapte furore blant miljøaktivistane og dei som var så uheldige å bu tett på cruisehamna, men desse vart prompte viste til å lese doktrinen, som for anledninga var hoggen inn i steinveggen på kommunehuset, pålydande: Ei kommune er i sin fulle rett til å ta eit kraftig tilbakesteg i utviklinga, når ein skal treffe avgjersler, som kan vere kontroversielle i den tida ein faktisk lever i. Om ein framleis ikkje slo seg til ro med dette, vart ein oppmoda om, å levere skriftleg klage i fire eksemplar, som samvitsfullt ville bli arkivert ein stad, som aldri ville sjå dagens lys.

Eit par ungdommelege røyster hadde og funne plass midt i salen, og dei prøvde forgjeves å trengje igjennom med sine synspunkt. No var det trass alt dei, som stod til å ta over ei skadeskota verd. Dei argumenta vart raskt klubba ned, då dei hamna i kategorien for negative og lite trivelege tema. Ungdomen vart, som plaster på såret, rundhanda inviterte til å kome attende med politiske synspunkt, når dei berre hadde fått vakse av seg kampviljen og blitt litt meir handterlege og straumlinjeforma i kantane.

Ein astmatikar på fremste rad protesterte høglydt på, korleis det skulle gå med lungekapasiteten, når den før så reine lufta kvar dag vart forureina tilsvarande 2000 dieselbilar på kronisk tomgang. Eit kinkig problem, som let seg løyse med, at ein berre tok inn så store skip at smogen garantert ville stige opp og forsvinne over fjella til nabobygdene. Det var elles og brei politisk semje over, at røyken nok ville gå den vegen likevel, uansett kva båtar som ville kome. Dette vart og vedteke, mot ei stemme.

Suksessen var eit faktum og ein såg, at denne eminente løysinga kunne nyttast til å legitimere alle moglege dårlege og lite gjennomtenkte framtidige avgjersler. Dette vere seg saker knytt til oppdrettsanlegg nær land, sjøfly og ei supplerande cruisehamn knytt til eit allereie godt og grundig herpa skipsverftsområde lenger ut i fjorden.

Så slik gjekk det til, at den før så fredelege og idylliske staden, sat sprellande i same fella som så mange, mange andre før den. Litt vil diverre ofte ha meir, og løysinga vart så stussleg føreseieleg, avleggs og lite eventyrleg.

Snipp snapp snute, så var denne soga historie. Og har kommunen enno ikkje teke inn over seg kva tilstand planeten er i, så lever den vel framleis godt tilbakelena i ei svunnen tid.