Dagens leiar

Cruisefest på Eid

Ramma rundt kunne ikkje ha vore betre då første cruiseskipet AIDAperla la til kai på Nordfjordeid.

AIDAperla la til kai på Nordfjordeid tysdag.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Fleire dobla omsetninga si. Dette lovar godt.

Meiningar

Tyske cruiseturistar var frå seg av begeistring. Nokon meinte det var betre enn Bergen, andre lovpriste naturen, og at folka her er så hyggelege.

Det har vore stor spenning i om cruiseturistane i det heile tatt kom til å gå i land, når dei først har kjøpt «all inclusive» om bord i skipet. Dei verste spådommane vart gjort til skamme. For tusenvis av cruiseturistar kom i land. Mange av dei ville vere med på aktivitetar, som tur på hestesenteret, Ossetra, ein tur til Vestkapp eller nye Sagastad. Andre rusla berre rundt i sentrum, og tok imot det Nordfjordeid sentrum har å by på – som ei imponerande dekorert kyrkje, selfiepunkt i Sagaparken, bading i fjorden og ikkje minst kort veg til butikkar og kafear.

Mange butikkeigarar vart svært positivt overraska over alle cruiseturistane som faktisk valde å gå i butikkar og handle. Og om du lurte – cruiseturistar er like forskjellig som oss andre. Nokre er ute etter spesielle merkekle, andre sikra seg regnklede. Nokon kjøpte seg ein strikka viking eller sommarkle fordi dei hadde kledd seg til det dei trudde var eit kaldt land.

Men fleire av våre butikkdrivarar kan i dag konstatere at det gjekk over all forventning. Fleire dobla omsetninga si. Dette lovar godt.

Så får ein gjere seg opp erfaringar, justere det som ikkje fungerte «sehr gut»: Som at ein med hesteskotrykk på vegen leiar cruiseturistane ut i vegen der det ikkje er fotgjengarovergang. Kanskje må det også gjerast noko med trafikkbildet rundt Almenning. Her var det til tider svært mange lokale skodelystne med bil, samtidig som det kjem mykje bussar som skal køyre turistane til og frå tur. Og så manglar vi litt skilt. Det er ikkje så lett for tyske cruiseturistar å finne fram til fjordhestar som badar i elveosen, når det ikkje finst eit einaste skilt om kvar elveosen er. Nok bord og benkar var også mangelvare rundt i sentrum.