Gode politiske vedtak

I desse tider opplever vi at gledelege og store hendingar i Eid og Nordfjord kjem på rekkje og rad - takka vere gode politiske vedtak.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Lokalavisa Fjordabladet er til stades og formidlar og det var intervjuet med Jens Hogrenning som gjorde at eg ynskjer å formidle mi meining om dagens kommunesamanslåing. Ein sindig kar frå Stryn kommune som også ynskjer å vere ilag med andre Nordfjordingar. Eg har sjølv i mange år jobba i vegvesenet og samhandla med blant anna denne brøytesjåføren i Loen. Han og alle andre, som gjorde teneste til det beste for Nordfjord på vegane i den tid, greidde godt å samhandle. Siste 15 åra har eg hatt gleda av å samhandle med mange innanfor oppvekst i Nordfjord kommunane. Vi har ilag fått til gode system til felles beste for elevar og tilsette innanfor oppvekstsektoren.

Den rivande utviklinga det har vore i Eid siste åra hadde ikkje skjedd utan ordførar Alfred Bjørlo i førarstolen.  Venstre, Høgre, Frp og Krf har samhandla til det beste for kommuna vår ilag med dei andre politiske partia. Hadde han berre greidd å få med seg dei andre kommunane i Nordfjord på det same!

Ja eg veit han har prøvd, men det hadde vorte den beste kommuna vi kunne få for å spare Nordfjordsamfunnet og få effekt både økonomi og fagkompetanse. Min mann og eg var så heldige å få med oss ein historisk rotur sist laurdag og etterpå vart det ein god prat med fleire. Blant anna «lisje Lakken», Reidar Sørland og fru. Dette er topp sa Reidar hadde berre rette personar kunne samhandle med kvarandre så kunne vi saman blitt ei god Nordfjord kommune ilag. Ja det vil vi gjerne sa eg – ei Nordfjord kommune – det hadde vorte det beste og vi hadde ikkje øydelagt oss som region slik vi kjem til å gjere no når Hornindal reiser til Volda og Vågsøy til Kinn. Handle med kvarandre og få meir omløp av skattepengane innanfor eiga kommune , det skapar samhald og økonomisk styrke.

Ordførar Alfred Bjørlo er den rette til å prøve å få Nordfjord til å gå ilag inni framtida. Tenk alt vi hadde blitt «kanon» på ilag, istadenfor å «krige/misunneleg» imot kvarandre. Eg veit, mange med meg er av same oppfatning , ei fornuftig kommune med ca 30’ innbyggjarar. Då kunne alle kommunesentra halde fram med å ha td. ei avdeling kvar til å drifte heile Nordfjord og kvar sitt servicekontor i dei noverande rådhusa. Eid og Gloppen var tidleg ute og ville bli eitt med Sandane som hovudsete, men uheldigvis vart det ikkje noko av. No står Selje og Eid klare til å gå ilag med hovudadministrasjon på Eid. Eid er eit geografisk midtpunkt i Nordfjord, men rådhuset kan sikkert brukast til praktiske møtelokaler for heile Nordfjord sjølv om ein inni framtida ynskjer hovudsete andre stader.  Truleg ville ein då kunne drifta kommuna utan å krevje ekstra skatt for å eige - noko eg ikkje er imot.

Det er val i år. Kanskje det kan vere ein avkryssing på stemmesedelen om ein ynskjer ei kommune inni framtida?