Lesarinnlegg

Kyrkjegang og salmesong

TANKAR OM GUDSTENESTE OG SALMESONG: Astrid Henden har gjort seg nokre tankar om salmesongen i kyrkja.  Foto: Anna Wuttudal

Meiningar

Søndag 7. april hadde eg ei svært god oppleving i kyrkja. Tusen takk til presten Olaf Sigurd Gundersen, som leidde samtalegudstenesta med konfirmantane denne dagen!

Dette vart verkeleg ei samtale, sjølv om ikkje alle elevane greidde å fri seg for ein del nervøsitet. Ja, kven ville ikkje vore nervøs i eit slikt høve? Eg trur likevel at dette vil dei unge ha med seg gjennom livet, som ein godt minne og som ei rettesnor. Dei hadde kyrkjelyden med seg, det vart både gjenkjennande humring og latter, men under det som vart sagt låg ei grunnleggande oppskrift og hjelp til å forstå og takle eit menneskeliv. Det var det det dreia seg om. Om konfirmantane ikkje forstod alt no, kan det kome fram att seinare. Slik har det alltid vore. Så takk igjen!

Så spørs det kor flittige kyrkjegjengarar dei vert. Ser ein på frammøtet i kyrkja, har dei ikkje mange gode føredøme. Men det gjeld ikkje berre her på Eid. Etter det som kjem fram i Statistisk sentralbyrå (SSB), er deltakinga på gudstenester fallande over heile landet.

Sjølv har eg nok ikkje vore ein god nok kyrkjegjengar gjennom åra. No bur eg sentralt her på Eid, og har for første gong kort veg til kyrkje. Første gongen eg gjekk dit, vart eg forferda. Der var så lite folk.

Dette er verkeleg leitt. Eid si kyrkje er ikkje berre vakker, det er også ei triveleg kyrkje som ein har grunn til å kjenne seg heime i. Og ein vert høgtidsstemd når ein kjem inn.

Så var det salmesongen. Den hadde eg gledd meg til. Er det noko eg knyter til gudstenester i kyrkja, er det den fulltonande og sterke salmesongen som alle kan vere med i, same om eins eiga røyst ikkje var noko å skryte av. Han er i høg grad med og skaper det store fellesskapet.

Vi var ikkje så mange i kyrkja, rett nok, men det var endå færre som song. Det er no så at når ein høyrer berre si eiga stemme mot benkeryggen framanfor, misser ein motet. Kanskje det hadde hjelpt med ein føresongar framfor mikrofon i koret?

Orgelbruset var der, som vanleg ei flott oppleving i seg sjølv. Likevel, det er noko eige det, å synge saman med orgelet i kyrkja.

Etter kvart har eg skjøna at eg ikkje er åleine om desse tankane. Dei gode kjære salmane, som vi kan, er også for det meste borte, og kan medverke til den sviktande songen. Det er ikkje berre vi «gamle» som saknar desse. Nei, ei dame i sin beste alder utbraut: Å, kor godt det hadde vore å kunne få synge for full hals dei versa vi pugga på skulen!

Dersom ein heil generasjon saknar desse salmane, kan det vere grunn nok til å bruke dei noko meir?

Så må eg seie at eg er veldig glad når presten nyttar preikestolen under preika. At han skal stå i kordøra kunne vel vere ok for ein liten flokk samla lengst framme, men å sitje lenger bak og berre høyre presten over mikrofonen, gjev tankar om at det hadde vore like godt med radiogudstenesta. Nei, då er det betre å sjå presten der høgt der oppe, utan å måtte anstrenge seg om anna enn å høyre etter.

Kanskje nokon som ser dette, får lyst å gå i kyrkja igjen? De er nok hjarteleg velkomne! Då kan det også bli fleire om songen!