Dagens leiar

Levande bygder

Det vert snakka fint om levande bygder, folketalsutvikling og det å få ungdom til å flytte heim.

Målet må vere å ha levande lokalsamfunn, og når unge par ønskjer å flytte heim og byggje hus må ein sjå på løysingar.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Vi har tru på at ein må finne løysingar. Målet må vere å ha levande lokalsamfunn.

Meiningar

På Bryggja har folketalet bikka nedover i mange år, og i dag er 40 prosent av innbyggjarane over 60 år.

På folkemøtet på Bryggja onsdag kveld var innbyggjarane opptatt av at ein må kome i gang med arealplanlegging, arealdisponering, båthamner og areal til bustadbygging. Dei fekk beskjed om at dei må vente til ein har kome inn i nye Stad kommune.

Men det er tydeleg at dette er noko som bygda er opptatt av, og det skal ein ta på alvor.

I Selje er det like aktuelt tema. I Honningsvåg har det vore heftig diskusjon om ein odelsgut skal få skilje ut ei tomt og byggje kort veg frå stranda. Alle instansar har så langt sagt nei, før Selje formannskap diskuterte saka onsdag. Det vart vist til at ein snakkar om bulyst og det å få unge tilbake til kommunen. Her snakkar ein om fortetting og at inngrepet er minimalt.

Politikarane støttar ordføraren som vil ta kampen mot ein vrang fylkesmann. Målet til lokalpolitikarane er at odelsguten skal få byggje – for i Honningsvåg er det ikkje andre aktuelle stadar. Og Honningsvåg grendelag har uttrykt frustrasjon. Dei viser nettopp til at skal bygda ha ei framtid er det heilt naudsynt med tilflytting og nyetablering. Dei ber kommunen gjere det dei kan for å legge til rette for dette.

Vi har tru på at ein må prøve og finne løysingar. Målet må vere å ha levande lokalsamfunn, og når unge par ønskjer å flytte heim og byggje hus må ein sjå på løysingar. Om ikkje kjem ikkje dei unge heim – rett og slett.

I Eid har ein vore opptatt av tomteareal, spesielt på Nordfjordeid, men ein har også etter kvart fått areal også i bygdene. Ære vere dei for det.

Ein er nøydde til å ha større fokus på dette for å ha levande bygder, om ikkje døyr bygdene ut, og til slutt sit det berre gamlingar i kvar sit hus bortover.