Lesarinnlegg

Kommuneveggar som sprekk!

Etter mitt syn er det ei grov forenkling å snakke om korleis det var før i tida utan å ta omsyn til store endringar og endringstakt, skriv Bjørn Kåre Moen i dette innlegget.   Foto: Yngve Tolaas

Meiningar

Eg  blir litt oppgitt over telefonar til Fjordablader med varsel om at veggane på rådhuset sprekk ( les: for mange kommunale tilsett på Eid rådhus). Etter mitt syn er det ganske så stor forenkling å snakke om kor enkelt (og lite) det var før i tida utan samstundes å ta omsyn til  dei store endringar og endringstakt som vi har hatt i samfunnet vårt siste 10-åra, med eller utan data.

På 60-  og tidleg -70talet (då rådhuset blei bygd) var administrasjonen i Eid kommune samansett av 3-4 nøkkelpersonar og eit fåtals medhjelparar. Kommuneingeniør, skulesjef, sosialsjef + ein kontorsjef på toppen hadde styringa med kommunen. Kommuneingeniør Brynestad skreiv sjølv sakene for bygningsrådet, la dette fram for politikarane og stod for gjennomføringa av dei i ettertid, saman med eit par stykker på kontoret. Planar, prosessar, utgreiingar, uttale og analyser mv. var det nokså begrensa med. 

Skulle det ta fyr i eit eller anna på Eid, som det ikkje skulle ta fyr i, og brannalarmen på rådhustaket hylte skremselslyden sin utover Eid, gjekk han ned ei trapp med kontorskoa på ned, fekk med seg Sverre Løken i brannbilen + eit par til som alltid kom springande til, kjørte avgarde og gjorde sitt beste. Enkel, billeg og greit i høve til den tides samfunn og dåtidas krav.

Skulesjef Gjul hadde stram og grei styring med skuleomlegging på Eid, og var tidleg ute med nedlegging og så oppbygging av dei kretsane som vi stor sett har i dag. Trur 15 kretsar blei til om lag 5. Foreldremedverknad og elevdemokrati er omgrep som stor sett har kome til i ettertid.

Sosialsjef Hildur Os kjende vel alle hus og heimar rundt om i kommunen og hadde som oppgåve å brukte spinkle budsjett til å hjelpe dei som trong det mest. Dette var eit tid då ein framleis hadde lov til å nytte skjøn, vet og forstand i tolkning av lover og reglar, nok som er langt verre i dag.

Desse 3 styrte.

Så hadde vi ein E-verksjef ( populært kalt Hovudbrytaren) i andre enden av rådhuset. Han styrte ganske åleine og suverent sitt felt.  

Dersom kontorsjef Fjørtoft ikkje var einig, fann han som oftast si løysing på sakene. Ja, med unnatak av Everket då.

Lenger bort i gangen sat doktor Myklebost. Når han måtte rykke ut i arbeidstida, sat pasientane tolmodig å vent på venteværelse til han kom igjen, enten det var akuttbesøk til Kjøllesdalen, Hunvikja eller andre stader. Hadde neppe gått så bra i 2019.

Trur dei årlege kommunale utgiftene låg på rundt 75 million kroner på slutten av 60 talet. I dag er dette sikkert både 10 og 20-dobla og verda langt meir komplisert, også på Eid.

Synes difor det blir litt historielaust å frykte at veggane sprekk fordi det er blitt litt fleire tilsette på rådhuset.

Tvert om trur eg at Eid er ei ganske så godt driven kommune. Statistikkar og samanlikningar med andre viser vel at ein kjem nokså godt ut. Det er politikarane sin jobb å sjå til at «rådhusveggane ikkje sprekk».

Eg trur og at vi har rådmann og politikarar som er på «alerten» når det gjeld å halde kostnadane nede, også når det gjeld lønskostnader og personalbudsjett.

Vi har val til hausten. Eg synes vi skal gje litt meir ros til dei som stiller til val og tar på seg slike viktige oppgåver. Å sjå heilskap mellom alle  sektorar i eit stadig meir komplisert samfunn / Eida-samfunn er alt anna enn lett!  Ønskjer dei lykke til, sjølv om korkje eg eller andre alltid er samde i det som blir gjort.

Vi bør likevel ein backe dei opp og gjere det vi kan for å få dei til lukkast i jobben dei gjer for oss. Alternativa til eit velfungerande lokaldemokrati som styreform trur eg er få.

Avslutningsvis når det gjeld rådhusveggane: Eg hadde på -70 talet sommarjobb i 6 år som vaktmesterassistent/altmuligmann på rådhuset. Huset er godt bygt, så til dei som måtte vere bekymra; Veggane sprekk ikkje !