Lesarinnlegg

Velkommen til Eid

Meiningar

Det meste er positivt i Eid for tida, men det er et par ting som er veldig negative. Det er brukt store summar på å få Yris Hotel til å sjå bra ut. Det gjer det, men det er dessverre berre utanpå.  Skikkelig provoserande at nokon har pynta et vindu i andre etasje med en do-ring. Er det mulig? Kan ikkje la være å tenke på korleis det kunne vore. Selskap i fine salongar inne, og uteservering i hagen om sommaren. Kunne rett og slet blitt en turistattraksjon. Er det virkelig umulig å få ting til å skje der? Rette person kunne utretta mirakel! Kan ikkje være meininga at det skal stå sånn som no! Det er berre sørgelig. Kunne blitt som i velmaktsdagane, viss rette person fekk ta styringa. Håpar at do-ringen blir fjerna litt brennkvikt, og at ein investor dukka opp snart....

For minst 20 år sidan sto det i Fjordabladet at Eid skulle bli bygda med utsikt!

Nokre entusiaster gjorde et hederlig forsøk i Skårhaugstranda. No skulle det bli slutt på grøne tunellar....Var nokre hol i skogen et par år, men no er det like tett som før. Når ein kjem ut av en lang  Lotetunell ser ein rett inn i tett skog! Ei hogstmaskin kunne laga utsikt over heile Eidsdalen på ein par timar. Er det virkelig umulig? Snart kjem det busslaster med cruiceturistar. Dei blir sikkert glade for å sjå inn i skogen, på veg utover langsmed fjorden.... Får late som dei er på skogstur. Det må no vel være en distriktspsykopat som kan ta grep?....                               

Endå ein ting som er ergerlig...Det første som møter folk som kjem til Eid frå vest, er eit lagerhus (?) som har sett sine beste dagar, i krysset til sjøgata. (Veit ikkje kven som er eigar, men håpar at forandring kan friste...)Det kunne blitt en «snakkis», og en liten attraksjon....Det finst uendelig mange måtar å gjere det på...Rosemaling, blomstereng, sjakkruter. Det kan berre bli betre.....Kanskje Trond Ove sine elevar på kunstlinja på folkehøgskulen kunne lage kvart sitt forslag.... (Får håpe eigaren er enig....)

Så er det politistasjonen! Dei triste store grå murveggane ropar på litt grafitti! Male kvitt, og en stor svart/kvit fluktstol f.eks? Trond-Ove igjen.... Kan sikkert få en som har målarforretning til å sponse... Tome store veggar er det nok av. Det finst mange fine fargar her i verden....   

Det var alt.....Ellers er det berre velstand på Eid for tida. Mykje å gle seg til. Vikingskipet som skal sjøsettast, ikkje minst! Det blir århundrets dag!