Dagens leiar

Færre barn

Folketalet har gått ned i Nordfjord siste året.

Fødselstalet har over tid vore nedadgåande.  Foto: Arkiv

Bak skjemten ligg det eit alvor. Det er for få kvinner som flyttar heim.

Meiningar

Utviklinga er alvorleg. Ordføraren i Eid har tidlegare uttrykt si bekymring, og meiner ein no treng eit langt tettare samarbeid om rekruttering, tilrettelegging for tilflytting og bygging av sterkare næringsklynger og kunnskapsmiljø i framtida.

Fødselstalet har over tid vore nedadgåande, og ferske tal viser kor dårleg det står til.

Som ein av tre kommunar i Nordfjord hadde Selje oppgang i fødselstalet i fjor – noko som gir grobotn for ei gryande optimisme i forhold til den kraftige nedgangen dei siste femti åra for Selje kommune.

I 1964 kom det fire gongar fleire seljeværingar til verda enn det gjer i dag.

Frå ordførarane i Eid og Selje har oppfordringa vore klar. No må ein bruke denne veka til å lage fleire ungar til nye Stad kommune. Det vert lova gratis barnehageplass for den som får nyttårsbarnet 2020 og dermed føder det første barnet i nye Stad kommune.

Over lunsjborda rundt om på arbeidsplassar har det vore skjemta litt om denne konkurransen som gir den spesielle førsteplassen.

Men bak skjemten ligg det eit alvor. Vi treng rett og slett fleire barn. Det er dei som er framtida, sog litt meir kynisk sagt, det er dei som skal jobbe, tene pengar, betale skatt og ta seg av oss når vi vert gamle. Om det blir fødd for lite barn vert det også for få hender i framtida.

Bakgrunnen er også at dei unge Nordfjordkvinnene flyttar ut og studerer, og det er for få kvinner som flyttar heim igjen.

På Stad Vekst sitt møte sist veke konstaterte dagleg leiar Olav Hjelle at vi har for stor flukt ut av regionen. Utfordringa for næringslivet er at vi har mangel på kompetanse. No prøver Stad Vekst å gjere noko med det, med å tilby opplæring for fagarbeidarar. Vi har tru på at dette kan vere ein veg å gå, også for å behalde dei unge kvinnene i regionen.