Dagens leiar

Sagastad reiser seg

Bygginga av Sagastad Kunnskapssenter er i rute, og det er ingen tvil om at dette er eit bygg med særpreg der det ligg ved vasskanten på Nordfjordeid.

Det blir spennande å sjå korleis Sagastad blir mottatt.  Foto: Anna Wuttudal

Vi har tru på at desse fyrtårna i Nordfjord skal vere ein styrke for kvarandre.

Meiningar

Med flotte kurver og linjer vert dette eit signalbygg som saman med Myklebustskipet og historia bak vil vere med å setje Nordfjord på kartet.

Om 65 dagar opnar Sagastad dørene for ei spesiell vikingoppleving på Nordfjordeid. Med stoltheit grev vi fram historia vår. Dagen for opninga nærmar seg med stormskritt, og anleggsleiar frå hovudentreprenør Veidekke uttalte i Fjordabladet fredag at dei reknar med å nå milepælen 1. mai, når alt skal vere ferdig innvendig.

Det blir spennande å sjå korleis Sagastad blir mottatt – og om det klarer å trekke nok folk til at det vil bere seg økonomisk år etter år. Spennande blir det også å sjå effekten av når cruiseskipa legg til kai på Nordfjordeid. Korleis det eigentleg vert veit ingen.

Aida Perla blir det første cruiseskipet som klappar til kai 21. mai på Nordfjordeid når den nye cruisehamna opnar. Det tyske cruiseskipet er det første av i alt 22 skip som gjestar bygda vår inst i Eidsfjorden i år.

På skipet er det plass til 3.286 passasjerar, og er etter tonnasjen eitt av dei største som har vore i fjordane på Nordvestlandet. Det 300 meter lange, 37 meter breie og 18 dekk høge skipet vil ruve litt medan det ligg til kai.

Allereie første sesongen med cruisehamn på Nordfjordeid kjem det 60.000 cruisepassasjerar.

Loen Skylift var også i utgangspunktet ein vill ide. Gründer Richard Grov har tidlegare uttalt at han var livredd for at dette skulle gå skikkeleg ad undas. Men heldigvis har tala motbevist dette. Loen Skylift har knust forventingane etter at pendelbana opna i mai 2017. Trafikken har overgått dei mest optimistiske prognosane. Heile 115.000 tok Skyliften i fjor. Vi har tru på at desse fyrtårna i Nordfjord skal vere ein styrke for kvarandre.