Kommunen si handsaming av frådelingssak

Saka gjeld dispensasjon og frådeling av bustadtomt i LNF-område på Midthjell.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Ein særleg grunn finn ein ikkje ved å synfare området.

Meiningar

 

I Innlegg med feite overskrifter i Fjordabladet, dagsett 11.12.18., er det skrive om kommunal handsaming av søknad frå Odd Kjetil Liseth om løyve til frådeling til bustadtomt. Av avisa går det fram at det gjeld dispensasjon frå Plan- og bygningslova. Dersom regelverket ikkje har endra seg etter mi tid som tilsett i kommunen, reknar eg med at det gjeld dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel. Det vil seie frå kommunestyret sine eigne overordna reglar knytt til arealforvaltninga i kommunen. Det trengst særlege grunnar til å kunne få dispensasjon. At det er nær jaktterreng er ikkje ein særleg grunn. Ein særleg grunn finn ein ikkje ved å synfare området.



Dersom det ikkje finst ein særleg grunn har ikkje kommunen høve til å gje dispensasjon. Dette gjeld også for kommunestyret som har vedteke reglane. Heldigvis for Liseth så skal kommuneplanen sin arealdel rullerast ofte. Ved neste rullering er det viktig for han å kome med innspel i forkant. Det er også då viktig for dei folkevalde å vite kva dei er med på å bestemme. Dersom dei vil ha spreidd bustadbygging i einskilde LNF-område, må desse avsettast i kommuneplanen sin arealdel til «LNF-område med høve til oppføring av spreidd busetnad». Det er også høve til å bestemme kor mange hus som kan oppførast der med meir. I slike område er det lett å få byggeløyve. Kanskje er det nok med ei byggemelding.


– Sterke reaksjonar på tomtenekt på Midthjell

– Dette finn vi oss ikkje i