Bruk nisjebutikkane!

Laurdag 24. november markerer over 20 butikkar på Nordfjordeid "Nisjebutikkens dag". Det er eit flott initiativ, som bør få oss alle til å tenkje over kvar og korleis vi gjer vår handel.

Laurdag markerer butikkar på Nordfjordeid "Nisjebutikkens dag".   Foto: Arkiv

Meiningar

Dei små og sjølvstendig eigde butikkane er ein viktig del av mangfaldet i eit lokalsamfunn. Dei er eigde av folk som brenn for det dei driv med og har eit unikt vareutval du ikkje finn andre stader - ofte varer av høg kvalitet.

Ønskjer vi å ha lokale butikkar i framtida, så må vi bruke dei i dag. I ei tid med stadig aukande netthandel og mykje fokus på kvar du kan spare "den siste krona", er det ikkje gitt at nisjebutikkane overlever.

Eg vil gje stor ros til nisjebutikkane på Nordfjordeid som no har gått saman og gjort felles sak. Eidsgata er sjølve hjartet i handelen på Eid, og det er flott at vi samtidig med Nisjebutikkens dag no kan opne ei flunkande ny julegate i Eidsgata i eit spleiselag mellom kommune, butikkar og handlande - samtidig som fleire nye butikketableringar er komne og er på veg.

Vi har mange gode døme blant nisjebutikkane på Nordfjordeid på at det er mulig å lukkast - mellom annan gjennom aktiv bruk av sosiale media og ei gjennomført satsing på god kvalitet i vareutval og service.

Ein stor takk til alle butikkeigarane som står på og gjer det å handle på Nordfjordeid til ei oppleving langt utover det du får ved å klikke på ei handlevogn i nettbutikken. Verdiane dei skaper, kjem heile lokalsamfunnet til del. Lukke til med Nisjebutikkens dag 24. november.