Ei oppmoding til kvinner om å seie ja!

Ingen vil nokon gong vere einig i alt som står i eit politisk partiprogram. Finn det partiet du kan vere mest einig med, og meld deg til teneste.

Tverrpolitisk kvinnegruppe.   Foto: Privat

Meiningar

Vi er ei tverrpolitisk gruppe kvinner som vil kome med ei sterk oppmoding til kvinner i alle aldrar om å svare ja dersom dei får spørsmål om å stå på ei politisk liste til det komande kommune og fylkestingsvalet. Dei må også veldig gjerne sjølve ringe til det partiet dei kjenner seg mest heime i og varsle at dei vil vere med på laget.

Som kjend utgjer vi kvinner halva av befolkninga, da må vi jobbe for at kvinner også er solid representert  i viktige politiske organ.  Alle parti i Noreg ønskjer å ha kvinner med på laget, men da må vi kvinner sjølve ta ansvar og seie ja til å stille på liste. I valet ser vi at både kvinner og menn lettare krysser ekstra for ”godt vaksne menn” enn på kvinner,  da kan vi i alle fall ikkje ha politiske lister med få damer.

Mange trur at det å vere med i lokalpolitikk er vanskeleg og svært tidkrevjande. Dersom ein er ordførar, gruppeleiar, sit i formannskapet m.m. kan nok det vere riktig, men det å vere med i eit politisk utval og kommunestyret er heilt overkomeleg, på alle måtar. Ikkje berre det, det er faktisk også interessant, lærerik og kjekt; mellom anna fordi ein lærer mykje om  samfunnet vi alle er ein del av og fordi ein jobbar saman med so mange andre engasjerte,  interessante og hyggelege menneske. Overraskande ofte er vi einige om dei politiske måla, men kan vere ueinige i verkemidla vi bruker for å kome dit. Vi er ueinig i sak, men har det hyggeleg saman likevel.

Ingen vil nokon gong vere einig i alt som står i eit politisk partiprogram. Finn det partiet du kan vere mest einig med, og meld deg til teneste.

Sei ja til ein plass på ei politisk liste.