Debatten om parkeringsplassar i Nordfjordeid sentrum har skapt stort engasjement. Vi har dei som både er samde og usamde med butikkeigar Ingun Vaksdal i Eidsgata som ytra sin frustrasjon over fulle parkeringsplassar i sentrum.

Ho meiner at det til tider er fullstendig kaos for å finne ledige parkeringsplassar, og viste til at det har vorte fleire kontor og større arbeidsplassar i sentrum. Og dei tilsette nyttar sjølvsagt parkeringsplassar. Problemet oppstår når kundane til butikkane skal finne seg plassar for bilane sine.

På sosiale medium har bortskjemde eidarar fått passet sitt påskrive av lesarane våre. Mange meiner her er nok parkeringsplassar – og attpåtil gratis.

Vi trur at vi alle må gå inn i oss sjølve og tenkje over vår eigen bilbruk. Mange likar best å parkere nærast mogleg inngangsdøra til den butikken vi har ærend i. Dei som har friske bein må kunne parkere litt lenger unna og gå til butikken. Fleire bør sykle.

Tilsette i butikkar og på kontor i sentrum må også kunne parkere litt unna, slik at ein sikrar at det er nok parkeringsplassar når kundane kjem for å handle.

Og så er det det med parkering. I dag er her alt for mykje parkering i «hulter og bulter». Ein tek seg til rette, og parkerer gjerne utanfor oppmerkte parkeringsplassar i Eidsgata.

Fleire har også ytra ønskje om Eidsgata som gågate. Det har vi inga tru på. Intensjonen er god, men vi ser korleis det har vorte andre stadar med gågater utan liv. Slik vil vi ikkje ha det på Nordfjordeid.

Vi har ei spesiell Eidsgate, som mange andre tettstadar misunner oss. Det beste er å stenge den av som i dag, laurdagar i sommartida og når det er spesielle arrangement. Og så får ein vurdere kva ein gjer om eventuelt tusenvis av cruiseturistar skal gå gjennom gata.

Vi kan ikkje stenge av gata berre fordi vi gåande synest det er mest koseleg å rusle der fritt for bilar. Det må også fungere for butikkane.