Vi håper det blir ein god skule for alle, og at alle elevar vil trivast og få gode, spennande og interessante dagar med læring og leik. Eit trygt og godt læringsmiljø er det viktig. Samtidig slår ferske rapportar fast at alt er ikkje greitt i trivselsfylket når det gjeld psykisk helse hos ungdom.

Nyerektoren ved Nordfjordeid skule har i avisa vår uttrykt at det er svært viktig at ein set fokus på uteområdet ved sentrumsskulen. Vi er samd med henne – at dette er ei større sak enn skulen kan ta åleine. Det krev for mykje økonomi for å klare det, men det trengst eit løft frå Eid kommune.

Elevtalet ved sentrumsskulen aukar stadig, og vi trur mange hadde blitt forundra over fasilitetane som er ute ved skulen.

No går vi igjen hausten i møte, og med det meir utfordrande og vått vêr, som igjen vil gjere uteområdet ved småskulen til eit gjørmehol. Ein treng multileikeapparat som gir aktivitetar til mange, og ikkje berre til dei som spelar fotball. Skulen treng eit uteområdet som kan gi inspirasjon også til læring og utvikling.

Vi foreldre har også ei viktig rolle når barna våre no begynner på skulen igjen. Det gjeld både å framsnakke skulen og lekser, hjelpe til med lekser, og legge forholda til rette for at elevane kan besøke kvarandre og bli kjent med nye venner. Men vi har også eit ansvar for korleis vi snakkar om andre ved middagsbordet. Ingen ønskjer mobbing ved skulen. Vi vaksne er rollemodellar, og språkbruk og korleis vi kommuniserer vert raskt fanga opp av våre håpefulle.

God første skuledag til alle!