Søndag vart det kjent at tidlegare langrennsprofil Vibeke Skofterud hadde omkomme i ein tragisk ulykke. Ho har sett djupe spor i langrenns-Norge, samtidig lærte ho oss at det er lov å vere svak, sjølv om ein er av dei aller sterkaste. Og nettopp dette er eit tankekors til oss alle. Du er bra nok som du er.

Ungdom i dag opplever stort fokus på at dei skal prestere – både på skule med gode karakterar, ein skal sjå bra ut, vere populær i venneflokken og gjerne ha ein jobb ved sidan av skule. Samtidig veit vi at mange unge slit psykisk, fleire jenter enn gutar.

No har vi også hatt ein strålande sommar med flott vêr. Mange har nytta dagane til aktivt badeliv og dagar på stranda.

Men med det kroppsfokuset som er overalt oss er dette ei vanskeleg tid for mange - både for jenter og gutar som til dømes slit med anoreksia er det vanskeleg i desse lettkledde tider.

Det stadig aukande kroppspresset vi utsettast for er ikkje sunt verken for ung eller gammal. Vi må heller ha fokus på å byggje opp sjølvtilliten. Ved å vere ekte og naturlege er vi bra nok.

Vi er født til å måle oss opp mot andre, og samanliknar oss gjerne til ein eller annan standard. Det må vi slutte med, og heller huske på at det er meir riktig enn feil med deg. DU er bra nok.

Dei siste åra har sosiale medium blitt ein arena for dei fleste av oss - for å dokumentere frå både kvardag og fest. Men sosiale medium skaper unaturlege illusjonar. Her finn du berre eit glansbilde.

Vi må lære dei unge til å stå imot press, og gjere vårt for at dei får sjølvtillit og sjølvkjensle – gjere dei rusta for framtida. Psykisk helse hos unge er ikkje noko vi kan koste under eit teppe. Det er ei utfordring for samfunnet, og vi må alle ta ansvar for dei unge.