Eg ynskjer å kome med tilsvar til oppslaget med Per Magne Jacobsen i førre utgåve av Fjordabladet:

Jacobsen seier mellom anna at han er lei av å vente på svar frå Eid kommune, at ting tek lang tid og at han er forundra over at underteikna som politikar står fram mot betre vitande og stiller spørsmål, sår tvil, og bidreg til eit negativt fokus på saka.

Venstre stilte eit grunngjeve spørsmål i førre kommunestyremøte som gjaldt forfall av bygningar i verneområda langs Eidsgata. Det vart gjort med utgangspunkt i ein politisk vedteken kommunedelplan for kulturarv. Jacobsen sitt hus vart ikkje nemnt særskilt, men det vart trekt fram at: «minst 3-4 bygningar i privat eige langs nordre halvdel av gata ber tydeleg preg av manglande vedlikehald». Det siste er eit faktum som enkelt og raskt kan sjekkast ut ved sjølvsyn for den som vil. Frå Venstre si side handla spørsmålsstillinga fyrst og fremst om å setje fokus på det unike og historiske bygningsmiljøet vi har i Eidsgata og kva som kan gjerast for å motverke bygningsforfall. Bygningsforfallet har fleire uheldige sider, det er til generell sjenanse for alle som oppheld seg i gata, det er negativt for naboar som tek vare på husa sine og som enten bur der eller driv næring der. Etter kvart vert bygningane ubebuelege og for kvart år med manglande forfall vert det meir og meir ressurskrevjande for eigarane å renovere husa. Eg viser elles til svaret eg fekk i kommunestyret den 21.06.2018.

Dersom ein vil kjøpe eit hus i dette verneområdet, med så sterke føringar på bruk og vern, må ein i forkant setje seg godt inn i reguleringsplanen med tilhøyrande føresegner. Kjem ein med byggeplanar som ikkje er i samsvar med reguleringsplanen vil saka kunne ta tid, som i Jacobsen sitt tilfelle. Det er fleire instansar som har ei rolle i sakshandsaminga ut over Eid kommune; Fagråd, fylkeskommunen, Fylkesmannen og i siste instans Riksantikvaren. Politisk er byggesaka til Jacobsen handsama to gongar. Politiske vedtak er nokså klåre tilbakemeldingar. I mellomtida så er det slik at naudsynt vedlikehald av eige bygg her og no er huseigar sitt ansvar, uansett kva planar ein har for eigedommen.

Eg har elles sjekka med Plan –og  utviklingsavdelinga om det er slik at Eid kommune ikkje føl opp svarfristar og fått tilbakemelding på at ny søknad i denne aktuelle saka kom Eid kommune i hende for fire veker sidan og no ligg til uttale hjå fylkeskommunen.