I første omgang er det klart at REMA 1000 vil etablere ein ny butikk her, og at Europris skal flyttast frå Øyane og opp i den nye næringsparken. Resten av konseptet er litt svevande, men tanken er å utvikle eit område som ein heilskap, der leigetakarane med ulike funksjonar utfyller kvarandre.

Det er mange år sidan kampen om denne landbruksjorda. Men når den beste landbruksjorda i Eidsdalen blir tatt til næring, så bør den også nyttast særs godt – og ikkje berre brukast til intern flytting av butikkar som allereie finnast på Nordfjordeid. Vi stiller spørsmål om dette er ein god ide.

Politikarane i Eid har gjennom mange år jobba flittig for å samle handelen tett på Nordfjordeid. I dag kan ein gå frå Eidsgata til kjøpesenteret Amfi, og det er spesielt i ein tettstad at alt ligg så nært på kvarandre.

Vi forstår at Europris vil ha lettare tilkomst til butikken sin, men det blir tomme lokale på Nordfjordeid når butikkar berre skal flyttast opp i Eid Næringspark. Det same skjer i vår vakre Eidsgate. Det er trasig å sjå tomme butikklokale – vi skulle gjerne ha sett dei bli fylt opp. Ingenting er betre enn ei levande handlegate.

Fleire hevdar det er fullt i sentrum og ikkje plass til nyetableringar. Det er berre halve sanninga. Kva om gamle rønner som står til nedfalls vart sanerte. At ein byggjer tettare og nyttar sentrumsarealet fullt ut. Det treng nødvendigvis ikkje vere slik at alle butikkar må ha store parkeringsanlegg rett utanfor inngangsdøra. Tett utbygging og mindre trafikk rimar betre med miljøomsynet politikarane talar om. Vi kundar kan godt gå nokre steg.