«Nøyaktig 12 år etter at eg stod her i 2018 og snakka om mine visjonar for Nordfjord.  Takk og pris for at de ikkje høyrde på alt eg sa. For det er aldri slik at nokon har løysinga på alt. Aldri slik at personar, parti eller særinteresser har heile sanninga. Til det går utviklinga fortare og i ei anna retning enn veslevitet vårt strekk til å forstå og forutsjå. So det å erkjenne at gode og framtidsretta løysingar treng å bli sett frå andre vinklar og med ny kunnskap. At gode løysingar treng modige avgjerder av kloke politikarar. Ja, kanskje er det noko av den viktigaste lærdomen vi i lag kan trekkje ut av prosessane vi var igjennom for 12 år sidan.

Men fram for alt huskar eg tilbake på 2018 som det året der dei gode og sterke kreftene (les politiske leiarar og næringslivsleiarar i fellesskap) verkeleg forstod at no må vi ta styringa sjølve over strukturar og utvikling. Om ikkje blir vi styrt inn i ein struktur som er tilpassa andre geografiar og som er lite framtidsretta for oss som ønskjer å bu og leve utan om dei store byane. Vi, eller de då, tok styringa over eiga utvikling. Eg skal ikkje ta æra for å ha vekt dokke. Eg trur vel heller det var ein kombinasjon av fleire ting. Mellom anna Ekspertutvalet som kom med sitt framlegg om tildeling av oppgåver til dei nye store regionane. Eit framlegg som gikk igjennom i Stortinget nesten utan endringar. De såg at nye oppgåver ville bety meir «sjølvstyre» og påverknad, men kunne samtidig bety meir makt til Bergen. At de endeleg såg at dette ville krevje sterkare regionar og større kommunar i Sogn og Fjordane om vi skulle vinne fram med våre saker og våre krav var ei lykke, sjølv om erkjenninga kom i seinaste laget. Folkerøystinga i Vågsøy om samanslåing med Florø enda med eit klart nei og blei eit godt påskot for å sjå på strukturen i Nordfjord på nytt.

Men la meg gjere denne, delen av historia kort. All ære til dokke som tok styringa og sette Nordfjord Kommune på kartet igjen. Eit arbeid, ein prosess og eit resultat som danna mal for det som eit år seinare skjedde i Sunnfjord då Flora, søndre del av Bremanger, Askvoll og Fjaler også gikk med i det som no so riktig heiter Sunnfjord Kommune. Som de huskar måtte det endå gå fire år før sta indresogningar innsåg at dette var vegen å gå og gikk i lag, medan Hyllestad, Solund og Gulen danna ein slagkraftig region i lag med Masfjorden, Austrheim og Lindås. Slik danna vi endeleg ein framtidsretta struktur med fire regionar som har fremma sine krav med tyngde og kløkt både hos fylkesleiinga i Bergen og hos fylkesmannen på Leikanger.

Kva oppnådde vi? Mykje! La meg no sjå litt på følgjande område; politikk og politisk arbeid, tettstadutvikling, samferdsle, velferd og skule, arbeidskraft og næringsliv. La meg starte med politikk og politisk arbeid. I botnen på suksessen - ja, for eg meiner det er god grunn til å kunne kalle det ein suksess, ligg erkjenninga som kom i 2018 om at det nytta lite om ein eller to av dei dåverande kommunane lykkast litt på eitt eller fleire av disse viktige områda. I den nye og «store» verda blei små lokale, og midlertidige suksessar som å tisse i buksa. Vi måtte stå, sjå og handle saman. Difor blei også dei partipolitiske synspunkta tona ned og dei regionale og næringspolitiske prioriteringane tydelegare på tvers av partigrensene. Dette klarte de fordi de våga å samle dokke kvart år og bli samde om prioriteringa av dei viktigaste sakene innan dei viktigaste sektorane for det komande året. Denne lista blei «bibelen» for arbeidet både lokalt, men ikkje minst mot fylkesadministrasjonen og regjeringa for komande periode. Gjennomslaget for våre saker har blitt vesentleg betre etter dette. At ein også jobbar med ein femårsplan som ein inviterer andre viktige samfunnsaktørar med på og som rullerast, gjer planarbeidet i kommunen mykje meir effektivt og framtidsretta.

Ein annan konsekvens av ein kommune, klårare prioriteringar og sterkare involvering er at det politiske arbeidet tek mindre tid og har blitt meir interessant for fleire. Rekrutteringa til stillingar i kommunen er svært god og jobbane som etatsjefar er mellom dei mest populære. Kvaliteten og kunnskapen til dei som jobbar i kommunen er mellom den aller beste i landet og ein klar konsekvens av storleik, innhald og arbeidsform. Kvaliteten på dei kommunale tenestene viser også dette.

Tettstadutvikling i Nordfjord ville ha vore eit stridstema for alltid om ein ikkje tidleg fekk ei avklaring om at ein ønskte å utvikle både Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn, men med kvar sine spesialitetar og fortrinn. Utvikling, folketalsvekst og ny næring i heile Nordfjord er også ein konsekvens av denne politikken. Så vil mange seie at «heile Nordfjord» er misvisande sidan dette også har ført til ei sentralisering inn mot tettstadane. Ja, dette er litt av prisen ein måtte betale. Husker de prioriteringane vi gjorde? Husker de kva vi starta med? Jau, vi starta med dei to heilt grunnleggande spørsmåla; Kva er den enkelte stad sine naturlege føretrinn? Og kva skal til for at vi styrkjer disse slik at vi klarer å stimulere næringsutviklinga på disse plassane?

Vidaregåande utdanning er sjølve grunnlaget for dette og ei samanslåing under felles leiing av dei vidaregåande skulane var fyrste og viktigaste grepet. I samarbeid med næringslivet på staden skreddarsydde vi linjer tilpasse framtidas behov. Linjer som i dag er leiande nasjonalt på sine områder nettopp fordi vi var tidleg ute, hadde politisk gjennomslagskraft og har rekruttert svært gode lærarkrefter. Kampen om elevane er ikkje lenger lokalt og regionalt, men nasjonalt og internasjonalt. Såleis er i dag 1/3 av elevane på Nordfjord Vidaregåande frå andre deler av landet og utlandet. At vi i samarbeid med næringslivet fekk etablert eit forpliktande samarbeid med NTNU og Universitetet på Vestlandet, som i 2028 blei ein del av University of Scandinavia, gjorde sitt til at tilgangen på høgt utdanna arbeidskraft blei betre. Dette er kanskje den aller viktigaste lærdomen og den viktigaste grunnen til veksten i Nordfjord. Vi lærte at vi må legge til rette for utdanning i tilknyting regionen og i samarbeid med næringslivet i regionen.

La oss sjå litt på kva som har skjedd i tettstadane våre; Stryn er i dag senter i Nordfjord for to viktige næringar, reiseliv og industriell produksjon. Med utgangspunkt i det sterke industrimiljøet som tilbydde lærlingeplassar i automatiserte prosessar er tilgangen på arbeidskraft, som før var ei stor utfordring, langt på veg løyst. Norva24 er i dag leiande i Norden innan sitt fagfelt med eiga utviklings- og forskingsavdeling. NTNU etablerte i fjor ei fadderordning med verksemda der master- og doktorgradsstudentar har sine praksisperiodar. Disse kombinerer dette med undervisningsperiodar på industrilinja på den vidaregåande skulen. Men husk, dette hadde aldri gått utan eit tett samarbeid med elektro- og automasjonsmiljøet på Nordfjordeid. Mykje av utviklingsmiljøet ligg framleis igjen på Eid, medan produksjonsmiljøet er i Stryn. I sum er dette blitt Nordfjord si viktigaste industrisatsing.

På Sandane har Nordfjord Vidaregåande utvikla seg til å bli ein av landets beste skular på realfag og anvendt matematikk inn mot programmeringsfaget. I 2020 blei programmering ein del av allmennutdanninga i norsk grunnskule. Vidare er idrettslinja ved skulen vidareutvikla i eit tett samarbeid med universitetet, Visit Nordfjord og reiselivslinja i Stryn. Idrett- og friluftsliv har såleis utvikla seg til ei yrkesfagleg linje der jobbmulighetane innan både folkehelse, individuelt basert reiseliv og opplevingsturisme auka kraftig gjennom 20-åra. Masterutdanninga i reiseliv på universitetet si avdeling i Sogndal blei den fyrste i sitt slag og dannar no mønster for liknande linjer i heile Skandinavia. Utveksling av elevar og lærekrefter over heile verda med Nordfjord og Visit Nordfjord som nav og kunnskapsarena, gir nye kunnskapsarbeidsplassar og profesjonalitet i næringa.

Nordfjordeid peika seg tidleg ut som administrasjons- og handelssenteret i Nordfjord. Geografisk plassert midt i Nordfjord var det naturleg å ha dette som navet i nettverket av kommunale arbeidsplassar, men med heile Nordfjord som bu- og arbeidsmarknad. Med sentraladministrasjonen på Eid måtte dei andre sentrale funksjonane fordelast på resten av Nordfjord. Erkjenninga av dette ga ro til å tenkje og handle langsiktig. Kvaliteten på tenestene stod i sentrum og fagmiljøa måtte styrkast. Rekruttering blei igjen eit nøkkelord og måtte løysast gjennom eit tettare samarbeid med utdanningstilbodet og næringslivet i regionen. Men vi må vel likevel innrømme at tilgangen på kvalifisert arbeidskraft er ei utfordring vi framleis ikkje har klart å løyse.

Å få med kysten (Måløy) var den største utfordringa for eit samla Nordfjord. Mykje av dette hadde med prioritering av samferdslemidlar å gjere. Kysten hadde lenge følt seg gløymt i kampen om midlar, der E39 og brukryssingar i indre strøk hadde prioritet. I mars 2018 blei Stortinget orientert om at ambisjonane om ein ferjefri E39 neppe kunne realiserast før i 2050. Dette kom samtidig med at teknologiutviklinga gjorde det mogeleg å bygge miljøvenlege ferjer, klimaendringane gjorde investeringane i ras-sikring til eit endå meir aktuelt tema og utbetringar av dei mange tunellane var på etterskot. Ei storstilt omprioritering av vegmidlane kom difor på agendaen. Som ein stor og samla kommune fekk vi større innverknad på disse. I dag kan vi med glede sjå at ny teknologi, hurtigare båtar og hamneutbygging har gjort transport på sjø mykje meir lønnsamt og knytt kysten sterkare saman. Tunnell under Utvikfjellet kom på plass i 2025, og på Strynefjellet er dei nye tunellane ein stor suksess. Nordfjord Lufthamn blir traffikert av Widerøe sine nye elektriske kortbanefly og Airlift sin dronedivisjon har blitt eit godt tilbod til reisande og fraktar passasjerar vidare til Loen eller Måløy i løpet av 20 minutt.

Inga bru over Nordfjorden med andre ord, men ser vi på kva vi no har fått til for 10 mrd i samferdslesektoren i Nordfjord kommune dei siste 12 åra så lever vi godt med 3 ferjer som går kontinuerleg mellom Lote og Anda. Etter at ein løyste utfordringa med transport og lagring av hydrogen, er det no brenselceller drifta av hydrogen som driv ferjene og hurtigbåtane og som ser ut til å bli den viktigaste energikjelda i transportsektoren. Fjord Base i Florø har såleis fått ein ny og viktig funksjon for produksjon, lagring og logistikktenester knyta til hydrogen og skipsfart.

Samling om, og prioritering av investeringar på samferdsle i Nordfjord har vore heilt avgjerande for at storkommunen fungerer så godt som den gjer. Det er også grunnlaget for eit veksande og lønnsamt næringsliv. La oss sjå litt på kva som har skjedd. Overordna kan ein sjå tydeleg tendensar til færre, men større verksemder. Dei som har lykkast har satsa på ein internasjonal marknad og vi ser sterkare innslag av utanlandsk eigarskap i kombinasjon med det regionale. Samarbeidet med FoU-miljøa i akademia har vore avgjerande for dei fleste. Dessverre har vi framleis ikkje nokon av disse lokalisert til vår kommune. Desto viktigare med eit godt samarbeid, noko vi har fått til særskilt med satsinga vår på reiseliv og mot kunnskapsmiljøet på Global Center of Expertice i Ålesund.

Reiselivet har vore gjennom ei rivande, men positiv utvikling. Individuelt reisande og mindre grupper frå heile verda dominerer i vår kommune. Kurs- og konferanse utgjer berre ein mindre del av omsetninga. Lenge mangla vi ein motor på kysten, men etter at det nye hotellet i Måløy og Stadt skipstunell båe stod ferdig i 2025 har dei også kopla seg på. Stisykling, klatring, toppturar og overnatting i naturen i kombinasjon med utsøkte mat- og hotellopplevingar er grunnstammen i næringa. For cruise kom anbodsprinsippet på plass i 2023, noko som gjorde at vi lokalt tok tilbake styringa og tilpassa anløp i høve miljø og lønnsemd på lang sikt. Det betyr at det aldri er meir enn to båtar i fjorden samtidig, og det er båtane med den strengaste krav til miljøsertifisering som slepp inn. Sesongen er forlenga betydeleg slik at tal båtar er likevel større enn nokon gong. Landstraum kom på plass i Olden i 2021. Dette gir også langt betre grunnlag for lenger og jamnare sesong også for resten av næringa.

Landbruket spelar framleis ei stor rolle, men det er langt færre, men større bruk og kjøtproduksjonen er gått tilbake. Villsau og geiter held kulturlandskapet i hevd og gir råstoff til lokalmatprodusentar og opplevingar til turistane. Bær- og frukt er blitt viktigare og Nordfjord Frukt og Bær er landets nest største produsenteigde leverandør til den skandinaviske marknaden.

Fiskeri og oppdrett har dobla sin eksportverdi dei siste 10 åra. Ikkje fordi vi fiskar eller produserer så mykje meir, men fordi større del av fisken blir nytta til produksjon av vitaminar og høgkonsentrat til kosthaldsmarknaden. All oppdrett skjer i lukka anlegg der også avføringa frå fisken går inn igjen i verdikjeden i form av høgkonsentrert gjødsel til bruk i jord- og hagebruket. Fabrikkflåten i fylket har fått ei god ekstra inntekt gjennom FN-finansierte prosjekt for oppsamling av plast på alle verdas hav og kystar. Ein teknologi som blei utvikla i eit samarbeid mellom Normatic og Selstad og som danna grunnlaget for det som i dag sysselset 100 ingeniørar og programmererar i Nordfjord SPC (ship plastic collection) i Måløy.

Datalagring er den næringa som har vokse sterkast gjennom 20-åra, og Lefdal Gruve er no ferdig utbygt og er Scandinavias leiande datalagringssenter. Industrimiljøet i Måløy tente svært godt på denne satsinga og har vore ein viktig medinvestor i oppbygginga av andre næringsgreiner i kommunen. Datasenteret brukar no halvparten av all kraft som SFE produserar. Eitt sterkt energiselskap i fylke med lokal styring og kontroll som også sit på eigarsida i Lefdal Mine, har vore viktig for å realisere dette eventyret.

Nordfjord SPC blei eit svært godt døme på krafta som ligg i eit forpliktande samarbeid og ein dokumentasjon på kva kunnskap som ligg i industriverksemdene i Nordfjord. Visit Nordfjord viste veg, tok styringa og løfta reiselivet i heile Nordfjord. Samarbeidet om Nordfjord SPC viste at industrien gjorde det same. Men utan eit politisk samla Nordfjord og ein vilje frå både kommunen og sentrale næringslivsleiarar, hadde dette ikkje lykkast. Nettopp det at vi stod samla gjorde at vi vann fram både med støtte og finansiering i IN, men også i kampen om prosjektmidlar i EU. Dette var også porten inn mot større utviklingsprosjekt og FoU miljøa for verksemder som elles ville blitt for små i denne samanheng.

Til slutt – kva var dei viktigaste grepa for at de lykkast med «alt i ein fjord»;

1. Fokus på fellesskapet og all energi mot felles utvikling og vekst! Alt i ein fjord! Ein kommune! Frå parti- og lokalpolitikk til regionpolitikk!

2. Samordning og utvikling av utdanningstilbodet i eit tett og forpliktande samarbeid med næringslivet og offentleg sektor sine behov.

3. Nordfjord Plan – kommunen si avdeling for arealplanlegging som har vore sterkt medverkande til at Nordfjord er mellom dei kommunane i landet som kan tilby byggeklare tomtar, ferdigstilte næringsareal og ein infrastruktur på nett og teknologi som ligg i førekant av utviklinga.

4. Nordfjord Integrasjon – kommunen si avdeling for rekruttering og integrering av tilflyttarar som i tett samarbeid med Nordfjord Plan og næringslivet jobbar kontinuerleg med tilflytting, integrering og ny arbeidskraft.

5. Nordfjord Næring – samarbeidsforum for næringslivet i heile kommunen som set kursen, prioriterer i lag med kommunen og er kontaktleddet mot utdanningstilbod og forsking. Takk til dokke som våga å sjå framover. Som våga å samle dokke gjennom tøffe prioriteringar og som stod i stormen. Levande regionar treng regionale høvdingar som rettar blikket mot verda .