I desse dagar kjem blankpussa hingstar valfartande til «Fjordhestens Mekka» frå Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland, Østfold, Hedmark, Oppland, Buskerud og sjølvsagt vårt eige heimfylke – til Noreg si einaste landsutstilling for fjordhest. Utstillinga i år er nr. 130 i rekkja. Nett no kjem fjordhestfolk frå mellom anna  Danmark, Sverige, Finland, Sveits, Tyskland, Frankrike, Belgia, Nederland og USA «heim» til Nordfjord for å sjå dei vakraste hingstane i verda – av ein rase som no er på veg til å reise seg att, men som framleis treng alle støttespelarar han kan få, ikkje minst på heimebane, og også reint symbolsk (som i heraldiske motiv).

Så vidt vi har forstått, var den opphavlege bestillinga frå dei folkevalde (kommunestyra i Eid og Selje) at eit nytt kommunevåpen skulle innehalde element frå dei to noverande. At denne premissen seinare har blitt endra av fellesnemnda, har no resultert i ei innstilling frå namnenemnda som vi finn lite haldbar.

Vi er samde om at vatn og bølgjer er sentrale naturelement i den nye kommunen, men registrerer òg at dette symbolet i utgangspunktet er meir treffande for ytre strok i Stad kommune enn for indre. Som påpeika i vedlegget, har fjordhesten ein heilt unik posisjon i Eid, nasjonalt og internasjonalt. Ingen andre norske husdyr har tilsvarande band til eit geografisk distrikt, som Noreg sin nasjonalhest har til Eid og Nordfjord. Fjordhesten sine band til Nordfjord kan samanliknast med Stad og Vestkapp sin posisjon i Selje.

Det nye kommunenamnet vårt har opphavet sitt i ytre. Vi ønskjer namnet frå havet hjarteleg velkome. Samstundes finn vi det høgst rimeleg at sjølve maskoten for fjorddistrikta; det rotfaste symbolet fjordhesten, inngår i kommunevåpenet. Då vil vi få ei balansert løysing der kommunenamn og kommunevåpen i samspel vidarefører viktig arv frå både ytre og indre strok av kommunen.

Vi oppmodar medlemmene i fellesnemnda om å lese innlegget vårt frå mai 2017 på nytt, og vidare om å ta direkte omsyn til fjordhesten når nytt kommunevåpen skal utformast. Som vi har sagt tidlegare, treng ikkje fjordhesten å vere einerådande symbol, men vi meiner bestemt at han må inkluderast i motivet.