Endringane fører til at ambulansebilar skal parkerast på dagtid. I planen er det forslag om å parkere dagbilen på Eid i seks veker. I Stryn i åtte veker. Korkje Eid eller Stryn har hatt parkering tidlegare. I Vågsøy blir parkering av dagambulansane auka frå 10,6 veker i 2017 til 14 veker i 2018. Helse Førde meiner dei vil ha ein forsvarleg beredskap. Vi meiner det er all grunn til å vere urolege for forslaget.

Som konsekvens vil det føre til at det vert strengare praksis for ambulansebruk. Fleire må ta drosje mellom sjukehusa, og det blir meir systematisk bruk av tobåre-bilar.

Det er Helse Førde som har ansvaret for ambulanseberedskapen. Med færre ambulansar vil det føre til at ambulansane ikkje er parat når det verkeleg gjeld. Kva om fleire russebilar fulle med ungdommar kjem ut som ein stygg trafikkulykke no på våren?

Vi er samd med Trond Inselseth, kommuneoverlege i Vågsøy, når han påpeikar at vi som bur i distrikts-Norge tar ein kalkulert risiko ved å leve og bu med ein større avstand til sjukehus, ettersom staten stadig vegrar seg for å sette meir konkrete standardar for utrykkingstid og for transporttid til sjukehus som føretaka må ta omsyn til.

Ei god ambulansetenste var ein del av pakken då Nordfjord sjukehus måtte gjennom ei omfattande omstilling. Nye endringar og reduksjonar vil ikkje innbyggjarane i Nordfjord vere tente med.