I fylkesrådmannen si tilråding var ikkje Malakoff med, men etter initiativ frå Torbjørn Vereide (Ap) og i form av eit fellesframlegg frå Ap, SV, Sp og Frp vart også den årlege rockfestivalen på Nordfjordeid med på lista. Dei som stemde imot var Høgre og KrF sine representantar i hovudutvalet.
Vereide forklarer at det å vere ein del av festivalstrategien er viktig av to grunnar. Før det første er ein då meir aktuell i Kulturrådet si nye ordning for festivalstøtte, og for det andre får dei utpeika festivalane meir føreseielegheit når det gjeld fylkeskommunal støtte.
Dei festivalane i Sogn og Fjordane som er med i strategien er:
Førde internasjonale folkemusikkfestival,
Norsk Countrytreff i Breim,
Nynorske Litteraturdagar i Aurland,
Teaterfestivalen i Fjalar,
Gloppen Musikkfest og
Malakoff rockfestival på Nordfjordeid
Torbjørn Vereide har sjølv tenkt seg på Malakoff og omtalar arrangement som «sommarens must».
– Du bestiller gjerne billett for dei store headlinarane, men det er gjerne dei små banda som gjev deg overraskingar og skaper dei beste opplevingane, seier Ap-politikaren, som gler seg til sommarens musikkfest på Nordfjordeid.