– Vi byrjar å kjenne på det. Det gjorde vi ikkje i førre veke, fortel Vilde (13) før songkonkurransen i hovudstaden laurdag kveld.

– Vi gler oss mest. Vi kjenner at vi kjem til å bli litt redde og spente, men vi har kvarandre, så det går jo fint, stemmer Anna (12) i.

Ein draum

Det er ein draum som går i oppfylling for dei to jentene når dei skal syngje songen sin «Vestlandet» på riksdekkjande TV. Dei har følgt med på kvar konkurranse dei siste åra, og no er dei med sjølve. Då er det også lov å skjelve litt når finalen nærmar seg.

– Eg har alltid drøymt om å stå på den scena. Og no skjer det, seier Anna.

– Det er berre å nyte det. Dette skjer éin gong i livet, fortset dei i kor.

Lovar show

Show og moro blir det uansett, om vi skal tru dei to eidajentene. Dei lovar å gi alt på scena – ikkje minst for å takke dei over 300 eidarane som tek turen til Oslo for å heie dei fram.

– Det er veldig kjekt at så mange vil kome for å høyre på oss. Og at dei vil bruke pengar på å reise hit på grunn av oss, seier dei audmjukt.

Like audmjuke er dei når dei får spørsmål om eigne vinnarsjansar.

– Eg føler liksom at alle er på det same nivået, at alle har like store sjansar, seier Vilde og får støtte frå venninna.

Kortspel og øving

Kvar dag driv dei to jentene med song og musikk, og den siste veka har ikkje vore noko unntak. Prøvane inn mot sjølve finalen har gått bra, og det har vore stor stas å treffe igjen dei andre artistane.

– Å møte dei andre finalistane har vore det kjekkaste av alt. Det er ein kjempefin gjeng. Vi har gleda oss til å spele Mafia med dei igjen.

– Mafia?

– Ja, vi elskar å spele Mafia. Det er eit kortspel som liksom er vår «greie», smiler Anna lurt.

Eid på musikkartet

Det er Vilde som har skrive tekst og melodi til finalelåten, medan Anna har skrive andrestemma. Om «Vestlandet» når til topps i Oslo Spektrum står att å sjå, men uansett er det neppe det siste vi har høyrt frå dei to eidajentene.

– Vilde har skrive mange låtar, og éin av dei har vi skrive i lag, seier Anna, før dei to jentene nikkar bekreftande på at dei vil fortsetje musikkarrieren også etter MGP junior.

Og dei er ikkje dei einaste eidarane som får vise seg fram i beste sendetid på NRK1. Popgruppa Indigo Child skal nemleg vere med som pauseinnslag.

– Det tykkjer vi er veldig, veldig kjekt. Nokre av dei som spelar der, har vore med og spelt med oss, og vi kjenner alle i gruppa, seier Vilde og Anna.

Programlederne Ingrid Gjessing Linhave og Nicolay Ramm sammen med årets finalister i MGPjr under et pressetreff i Oslo spektrum torsdag, i forkant av Melodi Grand Prix junior-finalen lørdag. Årets finalister er: Dina (Dina Matheussen), Emma R (Emma Røed), Jørgen (Jørgen Holst-Larsen), Emma S (Emma Skjerpan Snoen), Tobine (Tobine Loftesnes Gilbrant), Rebecca (Rebecca Ramberg Hagring), Vilde og Anna (Vilde Hjelle og Anna Kristina Lillestøl Naustdal), Beat2Fire (Adrian Sagdahl, Torkel Elvedal, Magnus Heitmann, Jonas Thrana Jensen og Magne Rehaug Byholt), Alma (Alma Hovda Holter) og Noah (Noah Utby). Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK