NRK fekk 1312 songar inn til MGP Junior 2016. Av desse gjekk ti vidare til den store finalen i Oslo Spektrum laurdag 5. november 2016. Vilde og Anna gjorde stort inntrykk i sjølve finalen og gjekk som ein av fire vidare til «Superfinalen». Også i superfinalen gjorde Anna og Vilde sine saker på ein heilt fortreffeleg måte med songen «Vestlandet».

Ventetida var nok lang for dei to tolvåringane frå Eid fram til den endelege kåringa av vinnarane av årets Melodi Grand Prix Junior. Då programleiarane las opp Anna og Vilde som vinnarar av årest MGP junior, tok dei gråtande imot det synlege provet på at dei var vinnarar av den norske finalen.

Få med deg alt frå finalen i avisa tysdag

Anna Naurstdal og Vilde HJelle under finalen i MGP Junior 2016. Dei to tolvåringane song seg fram til siger. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Vilde HJelle (T.h.) og Anna Naustdal er klare for Skandinavisk finale i MGP Junior etter at dei laurdag kveld gjekk til topps i den norske MGP Junior-finalen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix