Komande torsdag er det klart for den 15. Malakoff Rockfestival. Sjølv om det også på tidlegare festivalar har vore tomt for billettar, så har det aldri skjedd at det ikkje har vore muleg å få kjøpt billettar nokre timar inn i festivalen.

–Vi såg tidleg i dag, tysdag 18. juli, at det kunne bli tomt for billettar i løpet av dagen. No sit eg klar til å trykke på stoppknappen, fordi det rett og slett ikkje er fleire billettar att å selje. Det betyr at det er selt 12.000 billettar til kvar av dagane, fredag og laurdag, og 3.500 billettar til opningsdagen torsdag, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal som legg til at det er nokre få dagspass att til opningsdagen, men at resten av festivalen er skålande tom for billettar.

–Det er sjølvsagt veldig kjekt å oppleve ein slik respons, seier Arnt-Ivar som truleg sit med stoppknappen for billettsalet i den eine handa og nettbrett med vêrmeldingane i den andre.

–Akkurat no kan det faktisk sjå ut som om vi skal få  både sol og varme på store delar av festivalen, seier han.