Ein telefon og tre år etter - no kjem artisten med bok

Line Dybedal debuterer som forfattar med boka «Eit hjarte til jul», som ho også har laga musikk til. I november legg ho ut på turne rundt om i landet.

Dei siste tre åra har Line Dybedal jobba med barneboka «Eit hjarte til jul», som tek opp temaet organdonasjon. På måndag kjem den ut.   Foto: Helle Frogner/presse

Kultur

Det starta for rundt tre år sidan. Line Dybedal frå Selje fekk ein telefon frå ein redaktør i Samlaget. Han hadde høyrt musikken hennar og lurte på om ho ikkje hadde vurdert å skrive ei barnebok.