Mange tok turen til Bryggja i helga

Stor kunstutstilling

Stolte og glade kunne initiativtakarane til utstillinga, Anne-Marie Solheim og Tommy Giil, konstatere at rundt 110 fysiske bilete av Erling Solheim, og over 200 digitale var på plass, og mange folk kom til utstillinga.

SOLHEIMENTUSIASTAR: Anne-Marie Solheim og Tommy Giil gler seg over at mange møter fram for å nyte kunsten til far til Anne-Marie.   Foto: POL

Kultur

Anne-Marie Solheim er dotter til bryggjakunstnaren, og Tommy Giil er frå Bryggja, og han har etter kvart blitt svært engasjert i kunsten til Erling Solheim, og har sjølv skaffa seg mange bilete av kunstnaren. Dei to lova for eitt år sidan at det skulle bli utstilling det året Solheim ville ha fylt 110 år, og utstilling blei det til gangs. Bileta har folk på Bryggja og elles i distriktet sendt inn. Familien har dessutan teke med seg mange bilete til utstillinga. Ein engasjert dugnadsgjeng frå bygda har også gjort ein stor innsats med å henge opp bileta.