Det meste går som planlagt

Komande helg går den første kulturnatta i Stad kommune av stabelen. Slik det ser ut no, går dei fleste arrangementa som planlagt.

KULTURNATT: Fredag til søndag går den aller første kulturnatta i Stad kommune av stabelen. Det vert eit variert program, og som i fjor, vert det konsert med kulturskulen, med smittevernreglar.   Foto: olin maria yri

Alle arrangement, kulturnatt eller ikkje kulturnatt, skal uansett avviklast innanfor dei gjeldande smittevernreglane.

Kultur

Trass i at både Eid og Selje hadde sine kulturnatt-arrangement saman i fjor, vert årets kulturnatt den aller første som Stad kommune. Arrangementet går av stabelen fredag til søndag rundt om i kommunen.