Båttrafikk på Hornindalsvatnet gjennom 92 år

140 år sidan Dølen kom i rutefart på Hornindalsvatnet

24. desember 1880 gjekk DS Dølen på sin første rutetur på Hornindalsvatnet. Det var starten på ei 92 år lang historie med båtferdsle på vatnet.

FRAKT AV VARER OG FOLK: Gjennom 92 år blei Dølen, og seinare Honndølen, viktig for sambandet kring Hornindalsvatnet. Den kom på plass i første tida med pengehushald, og blei avgjerande for at bøndene skulle få avsetnad for varene dei produserte. fotoeigar: lars lunde  Foto: eigar: lars lunde

Kultur

Det var då rutetrafikken på sjøen kom i gang på 1800-talet, at trongen for båtsamband på Hornindalsvatnet også melde seg. Gardbrukarane rundt vatnet blei avhengige av transport for å få selje varene sine, og DS Dølen blei viktig både for passasjertransport og varetransport.