Medisinen var brennevin på resept

Åtte i Eid døde av Spanskesjuka i 1918

I 1918 døde åtte menneske av Spanskesykja i Nordfjordeid lækjardistrikt. Medan 429 var registrert smitta.

Spanskesjuka kravde 14.700 menneskeliv i Norge i åra 1918 og 1919, og var den pandemien på 1900-talet som råka hardast. I Nordfjordeid lækjardistrikt var 429 smitta i 1918, åtte døde. Andre pandemiar var Asiasjuka (1957), Hong-Kong sjuka (1968) og Russerinfluensa (1977).   Foto: Fotoeigar: Lars Lunde

Kultur

Spanskesjuka var ein hissig influensaepidemi, eller pandemi, som herja brutalt mellom 1917 og 1919. Sjukdomen tok truleg livet av meir enn 50 millionar menneske på verdsbasis. I Noreg døydde om lag 15 000 personar av influensaen.

Spanskesjuka starta truleg i 1917, og ebba først ut i 1919. Det var likevel i 1918 sjukdommen for alvor herja. Den kom i tre store bølgjer. Sommarepidemien 1918 som råka få, den langt verre haustepidemien og den mindre omfattande vinterepidemien i 1919.

29 prosent fleire døde

For Sogn og Fjordane ser vi at spanskesjuka sette eit tydeleg avtrykk i 1918. Talet på døde i fylket steig med 29 % jamført med året før. Også i 1919, då den verste sotta var forbi, låg dødstalet litt høgare enn i åra under første verdskrigen.

Tabellen under syner innrapporterte sjukdomstilfelle og døde i lækjardistrikta i Sogn og Fjordane i 1918. Det kjem fram at det ikkje var ei tett kopling mellom tal smitta og dødsfall. Lækjardistriktet Ytre Nordfjord og Selje hadde det høgaste influensatalet, men dødsfalla var langt færre enn i Kinn og Askvoll.

Rapporterte sjukdomstilfelle og dødsfall av influensa i Sogn og Fjordane i 1918:

Tal sjuke Tal døde

Kinn 737 25

Askvoll 473 25

Kyrkjebø 350 22

Gulen 420 20

Fjaler 216 19

Lavik 147 17

Y.N. Selje 789 16

Hafslo 198 13

Aurl. Lærd. 341 12

Gaular 300 11

Leikanger 160 10

Nordfj.eid 429 8

Bremanger 269 5

Davik 192 5

Sogndal 471 3

Balestrand 60 3

Naustdal 279 2

Luster 116 2

Gloppen 80 2

Indvik 425 1

Indre Søndfj. 251 1

Vik 228 0

23 lækjarar

I 1918 fanst det 23 lækjarar i Sogn og Fjordane, fordelt på ein folkesetnad på nær 89. 000 menneske. Sjukehus i moderne tyding av ordet eksisterte knapt. Fylket stod såleis dårleg rusta i møtet med pandemien.

Folk fekk stort sett klare seg sjølve. Det blei lagt vekt på å hindre smittespreiing.

Amtslegen føreslo fleire førebyggjande tiltak. Reinsemd og god hygiene stod sentralt. Soverom burde bli vaska og lufta, hender reingjorde før måltid og bestikk vaska etter bruk.

Amtslegen oppmoda òg folk om ikkje å spytte på golvet.

Brennevin som medisin

Trua på brennevin som lækjemiddel var utbreidd, både i USA og i Noreg. I 1918 var det forbodstid, og difor uråd å skaffe slik medisin på lovleg vis. Mange lækjarar såg ein nisje i sal av brennevin på resept.

Det store innhogget gjorde influensaen spesielt mellom unge folk. Det hadde truleg samanheng med at eldre personar sat inne med større immunitetsvern.

Symptoma viste seg ved høg feber, hovudverk, smerte i hals og øyre, og tette luftvegar. Pasientar som utvikla lungebetennelse kunne dessutan få mørke flekkar på huda.

Dei fleste kvikna til att etter nokre dagar, men for dei som fekk lungebetennelse, kunne døden bli den endelege utgangen.


(Kjelde til denne artikkelen: Fylkesarkivet, Per Olav Bøyum)