Vårkonserten varma

I Eid har det vore tradisjon at korpsa i kommunen inviterer til vårkonsert. Denne flotte tradisjonen er no vidareført der korps frå den nye kommunen deltek.
Kultur

Søndag stilte heile ti korps frå den nye kommunen opp. I tillegg til vaksenkorpsa Kjølsdalen Musikklag, Eid Musikklag og Ytre Nordfjord Brass, som har korpsmusikantar frå Bryggja og Flatraket, var det heile seks skulekorps i aksjon. I tillegg var Nordfjordeid skulekorps sin drilltropp og Ungt korps med på den to og ein halv time lange konserten.