Visepoet til Stadlandet

Laurdag 29. juni er det klart for «Stormkonsert» på Stadlandet når visepoeten Kåre Indrehus tek turen.

Kåre Indrehus kom ut med nytt album i januar. No er han klar med konsert på Stadlandet.   Foto: Presse/Michaela Klouda

Kultur

Kåre Indrehus, som er halvt Sunnmøring og halvt Sunnfjording, er ein artist som skriv lune og humoristiske låtar med eit skråblikk på livet. Gjennom åra han har vore aktiv musikar har han gjeve ut til saman tre album. Det tredje og nyaste albumet «Livet på landet» kom i januar i år, og fekk gode omtalar. Albumet «Å synge med hjertet i halsen» kom i 2018.

I slutten av juni tek han altså turen for å halde sin første «Stormkonsert» på Stadlandet, ifølgje ei pressemelding. Då er det klart for ein konsert som vert både humoristisk, lun og underhaldande.