Utekonsert med lokale artisar

Høyr på «Lyden frå Stad»

I 2020 blir Eid og Selje Stad kommune. På lag med Selje Cup, tek Stad2020 eit avspark for det nye fellesskapet og inviterer til ein Bli kjend-konsert laurdag 15. juni.

Oselie får æra av å opne konserten i Seljeparken den 15. juni.   Foto: Tormod Flatebø

Line Dybedal opptrer på heimebane.   Foto: Pressefoto

Det blir ekstra kjekt å oppleve Odd Erik og Line saman på scena på Line si «heimebane» i Selje på denne konserten.  Foto: Tormod Flatebø

Jackbow – rockeband frå Nordfjordeid blir å finne på scena i Seljeparken.   Foto: Tormod FLatebø

Elektrolise, Lise Kristin Kvenseth, frå Stadlandet, prsenterer sjølve «lyden av Stad». Musikk som gjev assosiasjonar til lydane frå havet, vinden og naturen.   Foto: Helle Frogner

Kultur

–Kan vi få ein betre plass for konsert utandørs enn i vakre omgjevnader ved Seljesanden. Eg ser fram til ei kjekk cup-helg og det er stas å få vise fram nokre av dei dyktige artistane frå nye Stad kommune på denne konserten», seier Stein Robert Osdal, ordførar i Selje.

Artistane som er med og lagar «Lyden frå Stad» er Oselie, Line Dybedal, Odd Erik Lothe, Elektrolise og Jackbow.

Line Dybedal

Line kjem frå Selje og har kom med eit nytt vakkert album i april, Tider, som har motteke strålande kritikk og Audiobalsam gav albumet karakteren 5/6: «Et album proppfult av herlige komposisjonar, fløyelsmyk og sårbar vokal og sterke tekster i god visepop-tradisjon». Låta La oss vere to ligg framleis til rotasjon på landsdekkande radio, og vinterlåta Mens dine tåre fell, var lista på NRK P1 i fleire veker. Line har også skrive og spelt inn soundtracket til barne-tv serien Bli med heim, som vart vist på NRK1 tidlegare i år.

Line har lenge hatt eit samarbeid med Odd Erik Lothe, og dei er eigentleg inspirasjonen til konserten «Lyden frå Stad». Dei to fann saman allereie i 2012, lenge før diskusjonane om kommunesamanslåing starta.

–Det blir kjempestas å spele på «Lyden av Stad». Vi føler at vi set det litt på spissen, i og med at vi representerer Eid og Selje i ein duo, og vi er stolte av det!, seier Line Dybedal

Odd Erik Lothe

Odd Erik kjem frå Kjølsdalen i Eid og har skrive låtar i 28 år.  Som frontfigur i Fabel var han med på seks album-utgjevingar mellom 1996 og 2007. Han har også utgjevingar med Green Granadas og Finn-Erix. I 2018 kom han med samlealbumet «Songar», som er hans tredje soloalbum. Lothe kom med albumet «Blå song» i 2012 og eit par år tidlegare kom radiosingelen «Stjerneklart», som blei liggjande på P1 si A-liste gjennom førjulstida og inn i det nye året. Odd Erik Lothe og Line Dybedal har samarbeida om fleire låtar.

Det blir ekstra kjekt å oppleve Odd Erik og Line saman på scena på Line si «heimebane» i Selje på denne konserten.

Oselie

Oselie kjem frå Nordfjordeid og vann MGPjr i 2017. Sidan den gong har ho vore på ei rekkje konsertar og festivalar rundt om i heile landet, og stod blant anna på sjølvaste festivalscena Malakoff i 2018 framfor eit stappfullt publikum. Oselie er eit døme på kor bra det bli når Eid og Selje finn saman, med ei mor frå Stad og ein far frå Nordfjordeid. Oselie få æra av å opne konserten.

Elektrolise

Lise Kristin Kvenseth kjem frå Stadlandet. Musikken til Elektrolise er kanskje sjølve «lyden av Stad» som gjev assosiasjonar til lydane frå havet, vinden og naturen. Plateselskapet Pretty Young Thing beskriv Elektrolise slik:

«Lise Kristin er ei kvinne frå havet som leikar seg med eigne lydar, duppedingsar, klangar, synthar og si eige dialekt. Hennar glede ligg i arbeidet med musikk og i det å gi. Heimplassen Stad gir mykje inspirasjon, der ho møter menneske, lyttar til forteljingar, blir fascinert og fylt av skrekkblanda fryd over naturen. Lise Kristin Kvenseth aka ElektroLise er utdanna songpedagog og kulturleiar. Lise er vokalist i synthpop-bandet Let’s be Light og har lukkast som låtskrivar for K-pop bandet Twice».

Jackbow

Jackbow – rockeband frå Nordfjordeid. 2019 starta med at bandet slapp sin tredje singel These Days. Dei fekk prisen for Årets Nykommar i Sogn og Fjordane under Blesfestivalen på Larris Scene i januar og spelte på NRK si Luttprisutdeling. I 2018 spelte dei også på Malakoff Rockfestival. Til hausten slepp dei debutalbumet sitt! Vi avsluttar konserten LYDEN AV STAD med heftige rockelåtar og ungdomsenergi frå gutane i Jackbow!

–Eg håpar mange tek turen til Selje denne dagen for å oppleve både Selje Cup og Lyden av Stad. Vi er stolte over dei mange flotte artistane våre, og eg gler meg til å sjå så mange talent samla på same scene, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Konserten er gratis og open for alle! Innbyggjarar i Selje, Bryggja og Eid, cup-deltakarar og alle andre besøkande er velkomne til både cup og konsert i Selje laurdag 15. juni!