Sogn og Fjordane sitt eige Bylarm

Blest Festival er musikkfestivalen som viser fram artistar frå Sogn og Fjordane. 18. - 19. januar står både ferske og etablerte artistar på Larris scene.

Det beste med Blest Festival er å sjå alle dei fantastiske artistane som fylket har å by på, seier prosjektansvarleg Elise Hessevik frå Brak Sogn og Fjordane.   Foto: Pressefoto

Jackbow.   Foto: Pressefoto

Line Dybedal.  Foto: Pressefoto

Kultur

–Det beste med Blest Festival er å sjå alle dei fantastiske artistane som fylket har å by på, seier prosjektansvarleg Elise Hessevik frå Brak Sogn og Fjordane.

Stort spenn og høgt nivå

Fredag kan du sjå nye og aktuelle artistar frå Sogn og Fjordane. Laurdag gir vi plass til artistane som spesielt har utmerka seg i 2018 under Luttprisen. Fleire av artistane har fått svært gode skussmål i 2018. Elida Høgalmen og Falkevik har begge hausta gode kritikkar, medan Thea Hjelmeland har slått knockout på norske musikkanmeldarar. Sjangermessig bevegar vi oss frå jazz innom pop og vise via rock med ein sving innom EDM. Her blir det noko for ein kvar smak og det blir garantert nokre nye favorittar i spelelista etter denne helga. Fredag spelar V I L N E S, Kaia Höl, Falkevik, MAIH, Elida Høgalmen, Jackbow og Detroit Sound. Laurdag spelar Odd-Erik Lothe, Line Dybedal, SJUR, SOFIA, Aleks Grey, Thea Hjelmeland og Frida Hunshammer.

Bransjefestival

I tillegg til ei heil røys med gode konsertopplevingar vert det også arrangert ein konferanse på dagtid laurdag. Her samlast musikkbransjen frå heile fylket supplert med nasjonale bransjeaktørar. I år kjem blant andre representantar frå Malakoff, Bylarm, Utkantfestivalen, Vill Vill Vest, Norske konsertarrangører, Ingrooves,og Deft Artist. Målet er å knytte bransjen tettare saman slik at vi kan løfte dei lokale artistane og legge til rette for at det kan oppstå fleire samarbeid i framtida.

SJUR avsluttar Blest

Sjur Gimmestad slapp sin første singel på Spotify i 2016 under artistnamnet SJUR. Sidan har han hatt over 150 millionar avspelingar berre på Spotify og har samarbeida med artistar som Pitbull og Isac Elliot. I 2018 har han turnert land og strand og spelt dei store festivalane og mellom anna på Rådhusplassen for 70 000 tilskodarar. SJUR lagar eit heidundrande show og blir heilt fortjent ofte samanlikna med KYGO. På Blest avsluttar han heile kalaset med eigen konsert etter Luttprisutdelinga. 

Bli med å feire musikklivet i Sogn og Fjordane

Blest Festival er eit samarbeid mellom Brak, NRK Sogn og Fjordane, OnCue, Scandic Sunnfjord Hotell, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Saman vil vi løfte musikklivet i Sogn og Fjordane. Vi inviterar dykk alle til å bli med på samarbeidet!