Lagar førjulselskap på Nordfjordeid

På luciadagen 13. desember inviterer NRK Sogn og Fjordane til direktesendt førjulselskap frå Amfi på Nordfjordeid.

Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring skovro sender førjulselskap på radio direkte frå Amfi på Nordfjordeid torsdag 13. desember klokka 14-17.   Foto: Arne Stubhaug

Kultur

Blant dei musikalske gjestene er Vilde & Anna, Line Dybedal, Karoline og Sol som spelte Annie i musikalen på Opera Nordfjord.

Førjulstemning

–Vi elskar å vere ute og møte folk. Det å ha sending frå der mykje folk er samla er noko vi har lyst å gjere meir av. Håpet vårt er å skape god førjulstemning både for dei som kjem innom Amfi, men sjølvsagt også til alle radiolyttarane. Det seier Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle som er programleiarar for sendinga. Det er dagsendinga klokka 14 til 17 som skal gå direkte frå Nordfjordeid denne dagen.

Mykje lokal musikk

Blant gjestene som kjem innom studioet er Vilde og Anna. Dei skal framføre både Vintertid og ei heilt ny julelåt. Line Dybedal og Karoline Løken-Nesthun skal framføre den nye songen til NRK Super sin serie «Bli med heim.»  I november spelte Sol Alme Brendefur "Annie" på Opera Nordfjord, no kjem ho med ein liten smakebit til NRK si sending. Dessutan har Eid barnekor lova  å skape luciastemning med eit eige luciatog.

Håpar på publikum

–Vi riggar oss til med studio og scene ved kafeen inne på kjøpesenteret Amfi på Nordfjordeid. Dersom folk har lyst å komme og få litt julestemning blir vi veldig glade, seier programleiarane. For dei som ikkje har høve til å sjå sendinga på Eid, kan ein få den med seg direkte på NRK P1 Sogn og Fjordane.