Drømmestipendet består av 100 stipend à 15 000 kroner - til saman 1,5 millionar kroner. Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ønskjer ein å synliggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. I tillegg er håpet at Drømmestipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar.

Martha Standal Pavelich var nominert av Eid kommune i kategorien teater.  I søknaden peikte  Eid kommune  på at det nesten var uråd å avgjere kva for ein kategori i drømmestipendet som passa best å nominere Martha i.

–Men med bakgrunn i draumen hennar har vi landa på teaterkategorien. Musikalsk teater er hennar store interesse og ho har såleis etter kvart fått ein imponerande CV, full av store roller i ulike musikalar, og no er ho ei av svært få i sin alder som kan slå i bordet med ei hovudrolle i ein profesjonellt oppsett opera! Dette vart ein realitet hausten 2017 då ho spelte rolla som Inga i Opera Nordfjord si oppsetting Sildagapet. Men i tillegg til dette har ho heilt sidan første klasse spelt piano, fiolin/bratsj, ho har spelt i korps og strykeorkester, og ho har spelt i band. Ho har dansa ballett og hip hop og step, og ho har sjølvsagt drive mykje med song.