Den tidlegare yrkessoldaten forklarer at det er både kjekt og nyttig å treffast for å dele erfaringar og samtale om det ein har opplevd i militære operasjonar. Dette er noko som dei frå sentralt hald oppmodar om blir gjort, og lokalt kan ein få midlar til å dekkje slike arrangement.

Mange som har vore med på utanlandsoperasjonar har erfaringar som er vanskeleg for andre å forstå.

– Når du kjem heim, får du gjerne spørsmål av typen. «Har du drepe nokon?», og svarar du nei, er dei ikkje lenger interessert.

– Det er så mykje meir. Ein jobb som kan ta deg langt vekk frå kvardagen i relativt trygge heimtrakter. Mange av mine beste opplevingar er frå tida i forsvaret, seier Trond og prøver å forklare.

– Å sjå verda. Når lukter, lys og fargar er så annleis enn heime.

– Kontrastar. Å ha kassevis med flaskevatn bak i bilen på patrulje gjennom bydel utan vatn. Å spele fotball på skulebesøk der fleire mangla kroppsdelar grunna landminer.

– Mat og smakar. Gatemat der det er lurast å ikkje spørje kvar kjøtet kom frå, nattpatruljer med obligatorisk bakeribesøk ved soloppgang, kaffibesøk der vi tygde i oss gruten for å vere høfleg, og prøvesmaking av lokalprodusert plommebrennevin. Og mamma sine småkaker har aldri smakt så godt som på julaftan i Kabul.

– Inntrykk. Aleinevakt i tårn ca. 55 meter over bakken på natta var spesielt. Utsikt over eit område med 35 000 innbyggarar, men likevel so einsamt.

– Og so det barnslege ved jobben. Eg brukte å seie at jobben min var det som alle likte i barnehagen; store ting, ting som går fort, og ting som lagar høg lyd.

– Men aller mest er det kameratskapet. Nokre av mine næraste venner har eg hatt i militæret. Du kan møte dei igjen 15 år seinare og fortsette der ein slapp sist.

Godt å få snakke

Kva som motiverer for å reise ut til område i krig eller konfliktar kan variere. Nokre er eventyrlystne og er berre ute i eit halvt år, andre er der i lengre tid, men alle sit att med ein del spesielle erfaringar som det er vanskeleg for andre å forstå, og som det kan vere godt å få snakke om. Trond gler seg også til å møte andre som har vore andre stadar enn han sjølv, for å høyre om korleis det har vore.

Førebu folk på å døy

Sjølv var Trond i forsvaret i sju år. Han slutta då det var tid for å prioritere opp kjæraste og familie.

Han drog til Kosovo og var der i ni månader like etter førstegongstenesta, studerte eit års tid og var så yrkessoldat frå 2002 til 2007, mellom anna vart det tre turar til Afghanistan.

Det var ikkje berre å gi folk ein gønnar, grøne klede og setje dei på eit fly. Trond var i ei avdeling der dei tok førebuinga til utanlandsteneste alvorleg. Dei vart mellom anna tvinga til å skrive testament. Det å førebu folk på å kunne døy var ein del av klargjeringa. Både for oppdraget som låg framfor, men og til å fungere godt etter endt teneste.

Det var profesjonelt og lågmælt.

Det er stor forskjell på korleis folk taklar det dei har opplevd. Trond har ein ekskollega som sit på ei hytte i skogen og ikkje vil sjå folk. Og har fleire der PTSD har prega livet i større eller mindre grad

Ein del har vore med på operasjonar der det er stor fare for å døy. Det er eit langt steg å kome heim til hovudoppslag i lokalavisa der den viktigaste saka er usemje om trivielle småting og kompisane berre snakkar om siste laurdag på fylla.

Trond har tru på samtale mann til mann. Dei vart kursa i kameratredning, å bry seg om og ta vare på kvarandre, hjelpe kameratar som slit i fellesskap. Dei var ei eining, som tok godt vare på sine.

Tek ein folk ut av flokken sin og prøver å fikse dei, er det ikkje sikkert det går så bra. Erfaring viste at kameratstøtte på lågast mogleg nivå fungerte best.

Roleg liv

Trond lever i dag eit roleg liv på Nordfjordeid med dotter på 7 år. Han jobbar i flytårnet på flyplassen på Sandane, og dei er tre som jobbar på flyplassen med erfaring frå utanlandsoperasjonar.

– Eg veit ikkje kor mykje det har prega meg. Det er det nok familie eller kompisar som kan seie betre enn meg.

– Men eg har herja mykje frå meg.

– Been there, done that.

– Skarpe eskorteoppdrag i Kabul, fått granatar over hovudet på grenseoppdrag i Kosovo. Sett miner på nært hald og blitt skoten etter.

– Fått tikka av ein del boksar. Det kan vere ein fordel i familielivet.

Perspektiv

Det handlar også om perspektiv på livet, på kva som er viktig.

– Ein får eit spesielt forhold til døden.

– Og eit bevisst forhold til det å ta risiko.

– Det er ikkje spørsmål om ein dør, men når.

– Kva eg har lært?

– At livet er for kort til ein del ting. Som smålege kranglar med dei du er glad i.

– Å innsjå at det brått kan vere slutt. Om det er kuler, bilar eller sjukdom, dei kan alle kome brått.

– Å seie til dei som betyr noko i livet ditt at du bryr deg om dei.

– Å bruke dagen i dag. Det er så mykje som er usikkert. Ein veit ikkje om ein blir pensjonist.

Trond kjenner av og til på at han kunne ha tenkt seg ein tur til, men det er 12 år til dottera er vaksen, så no er det nok for seint.

–Det har ein pris på heimebane. Det var mykje meir krevjande for dei som var igjen heime enn meg som var ute. Det innsåg eg ikkje før ei stund seinare. Det vil eg ikkje utsette dottera mi for, seier Trond.

Han likar eigentleg ikkje veteranmerkelappen, men gler seg til samlinga tysdag.

Masseskadeøvelse: Frå Telemarksbataljonens siste øving før deployering i Kosovo. Foto: tomas moss
PIGGTRÅD: Norske Nato-soldatar dekkjer sisu’en sin med piggtråd i påvente av ein demonstrasjon. Foto: tomas moss
Telemarksbataljon: Soldatar på Hjerkinn skytefelt under øving før Kosovo. Foto: tomas moss
MINERYDDING: Ein hydrera ryddar miner. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret