Rådmann Åslaug Krogsæter går inn for at Eid kommune skal sende søknad om breibandtilskot for 2017 som i størst mogleg grad skal omfatte dei områda aust for Nordfjordeid som har lågast breibandsdekning i dag. Ein kan få inntil 60% tilskot frå Nkom. Ramme for tilskot frå Eid kommune i dette prosjektet er på 2,7 millionar kroner, inkludert ein million kroner som vart løyvd i budsjettvedtaket. Rådmannen tilrår at tilleggsløyving på 1,7 millionar kroner vert dekt frå kommunen sitt disposisjonsfond. Saka er sett opp på saklista i formannskapet og i ekstraordinært møte i finansutvalet i Eid 9. mars.

I vest i 2016

Av saksutgreiinga går det fram at Eid kommune allereie har skrive kontrakt med Telenor om utbygging av breiband i 2017 til grender vest for Nordfjordeid. Her fekk kommunen tilskotsmidlar gjennom søknad i 2016. Med denne kontrakten har ein dekt dei områda som har dårlegast dekning i den vestre delen av kommunen, slik at dei fleste vil vere over 10 Mb nedlasting. Det står likevel igjen eit område som gjeld Hjelmelandsdalen. Her vil administrasjonen inngå forhandlingar mot eksisterande prosjekt for Haugen og Stårheim, for å sjå kva løysing ein kan kome fram til.

Dårleg dekning

Ingen deler av Eid kommune aust for Nordfjordeid sentrum har breibandsutbygging gjennom fiber. Områda i denne delen av kommunen som samla har fleste husstandar med låg dekning er midtre delar av Eidsbygda mellom Nordfjordeid og Mogrenda, på begge sider av Eidselva og områda frå Nor, forbi Nesbygda og inn til Skaugset, sørsida av Hornindalsvatnet mot vest. Dette fordi disse områda har lengst avstand til eksisterande ADSL-sentral. Kapasiteten på nedlastning ligg i disse områda frå 1 Mb til 9 Mb.

Stort prosjekt

Administrasjonen si vurdering er at når ein fyrst skal gjere ei utbygging for fiber, må ein i søknaden få med alle husstandar innafor eit bestemt område, slik at ein slepp å lage nye søknader for same område fleire gongar. Administrasjonen meiner difor at det bør utarbeidast ein søknad som dekkjer heile området frå Nordfjordeid sentrum og inn til Hornindalsvatnet og vidare inkludert grendene på sørsida av Hornindalsvatnet innover til og med Skaugset. Strekninga Os, Taklo og Strand mellom Nordfjordeid og Hundeide vil også bli vurdert teke med i søknaden.

Dette vil bli eit stort prosjekt, og det er gjort ei grov budsjettkalkyle der ein har kome fram til at det må reknast med behov for samla anleggstilskot til utbyggjar på kring åtte millionar kroner. Breibandsmidlar frå Nkom utgjer maksimum 60% av tilskotet. Ein ser føre seg innbyggjarbidrag/dugnad som tilsvarar 500.000 kroner og kommunalt tilskot på 2.700.000 i tillegg til breinbandstilskot på 4.800.000 kroner.

Har «eigen» ADSL-sentral

Bygdene Holmøyane, Heggjabygda, Hennebygda og Lote har «eigen» ADSL-sentral plassert i bygda. Disse bygdene er forholdvis kompakt i busetnad, og dette gjer at storparten av husstandane her har breibandsdekning med nedlastning mellom 10 – 30 Mb. Administrasjonen skriv at dersom disse områda skal prioriterast inn i søknad om tilskot i 2017, vil budsjettkalkyla bli om lag dobla.

Ut på høyring

Etter at saka har vore handsama i formannskapet den 9. mars, vil prosjektet bli lagt ut på høyring på kommunen sin nettside, med høyringsfrist før søknadsfrist.

Kommunane har frist til 18. april 2017 med å sende inn søknad til fylkeskommunen om tilskot i 2017. Fylkeskommunen samordnar alle søknadane frå Sogn og Fjordane vidare inn til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), som administrerer ordninga på nasjonalt nivå.

Før søknaden vert sendt frå Eid kommune, må kommunestyret ta stilling til kva økonomisk ramme kommunen skal setje for eige tilskot inn i prosjektet.

Midlar til infrastruktur ved kommunesamanslåing

Kommunar som har gjort vedtak om samanslåing, vil kunne søkje på infrastrukturmidlar i 2017. Regjeringa har sett av 150 millionar kroner til dette føremålet i 2017. Disse midlane vil truleg bli utlyst i løpet av våren 2017. Selje og Eid vil sende felles søknad på dette, og behov for midlar til utbygging av breibandsfiber til innbyggjarane vil truleg bli vektlagt, alt etter kva kriterier som blir lagt til grunn i utlysinga.

Midlar frå denne ordninga kan ikkje vere med å fullfinansiere ein søknad om breibandsmidlar frå Nkom. Dette fordi denne breibandsordninga ikkje kan ha meir enn 60% i statlege tilskotsmidlar. Resten må dekkast av kommunen og eventuelt innbyggjarane.