Reidar Lungård har fartstid frå Tysklandsbrigaden og har mange minne derifrå, mellom anna om den gongen dei fekk inndrege helgeperm i pinsa fordi russarane, som var stasjonerte i aust, heldt på å gjere opprør. Med eit smil om munnen minnest han den gongen dei slo engelskmennene i skytekonkurranse. Sjølv vart han brigademeister i skyting, best av alle.

Lungård hadde fått opplyst at 8. mai-programmet starta klokka 12.00. Han kom med taxi og var på plass med rullestolen på Nordfjordeid i det ein kan kalle svært god tid før arrangementet starta med opptog frå Eid kyrkje klokka 17.30.

Men ingen sure miner for det. Han har hatt ein nydeleg dag på Nordfjordeid, mykje takka vere barnebarnet Ronja Lungård Hove, som har vore med han rundt om i sentrum, han har mellom anna handla seg flagg til 17.mai som skal opp på omsorgssenteret i Hornindal der han no bur saman med frua.

Feirar fridomen

8. mai er dagen då vi feirar fridomen frå okkupasjonen i 1945, og heidrer alle våre veteranar og deira innsats for Noreg. Dagen blir tradisjonen tru markert på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid ved minnesmerket «Sørgande Mor» til minne om dei falne frå Nordfjord i 2. verdskrig.

I år er det 40 år sidan dei fyrste norske soldatane vart sendt i FN-oppdrag til Libanon (UNIFIL). Over 22.000 nordmenn tenestegjorde i Libanon i perioden 1978-1998.

I høve UNIFIL-jubileet hadde Nordfjord-kommunane i år invitert til felles markering av frigjerings- og veterandagen på Eksersisplassen på Nordfjordeid. Dei hadde spesielt invitere alle UNIFIL-veteranar frå Nordfjord til markeringa.

Veteran Olav Gausemel hadde teke turen frå Hornindal for å vere med på den felles Nordfjord-markeringa. Gausemel tenestegjorde i Libanon i 86-87.

Ove Haugen var i Libanon i 1998, med i den siste kontingenten som gjorde teneste der. Dei to sette pris på invitasjonen og meiner det er viktig å treffast og minnast det som har vore. Som veteran har ein med seg erfaringar som berre dei som sjølve har vore med på liknande oppdrag forstår.

VETERANAR: Ove Haugen frå Eid og Olav Gausemel frå Hornindal var to av veteranane som deltok i 8. mai-markeringa på Plassen. Foto: Anna Wuttudal