− Kvifor har du valt å flytte tilbake til Bryggja?

− I første omgang fekk eg testa meg som lærar i vaksenopplæringa i Eid. Så vart eg tilsett som lærarvikar på Skavøypoll skule. Etterpå gjekk eg inn i eit årsvikariat på Bryggja skule. Nordfjord har vist meg god interesse og har gitt meg desse moglegheitene. Åra gjekk, fleire jamaldringar flytta heim. Eg fekk meg kjæraste og såg moglegheitene for arbeid her. Dette resulterte i at eg flytta heim og vi kjøpte oss hus.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− Espen, det sosiale nettverket, familien min og at eg fekk ein god og kjekk jobb å gå til.

− Kva sakna du mest då du budde i Bergen?

− Eg sakna det flotte sjø- og båtlivet vi har på Bryggja, samhaldet i bygda og elles det ei bygd har å by på.

− Er det noko spesielt du brenn for på heimplassen?

− At vi skal ta vare på det vi har i bygda, eventuelt for å få meir tilflytting, men spesielt for å unngå fråflytting.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Kanskje eg og sambuaren har fått nokre tilskot.

− Kva skulle du bli då du var 14?

− Då trur eg at eg ville bli vêrdame, utan at eg hugsar kvifor.

− Kva er du mest fornøgd med i livet ditt no?

− At eg har slått meg til ro, og at eg er veldig nøgd med tilværet.

− Kva er det verste du veit?

− Når folk med spesielle utfordringar i livet ikkje får dei same moglegheitene, og ikkje blir sett på som likeverdige menneske.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Vi har nettopp delteke i NM for lærarar i volleyball, så eg har brukt litt tid til trening. Eg er og leiar i 17-maikomiteen på Bryggja, så litt av tida før nasjonaldagen går med til dette arbeidet. Elles driv vi mykje med oppussing og kosar oss i kråkeslottet vårt.

− Korleis seg du på framtida for Stad kommune som Bryggja vert ein del av?

− Vi blir ei veldig mangesidig kommune for turistane med Selje, Stad og Eid med mykje hav og fjordar. Håpar det beste!

− Kva tykker du om jobbtilbodet i distriktet?

− Eg har jobba innan helse og skule både i Eid og Måløy, og er veldig nøgd med det eg sit igjen med frå begge stader. Men kommunane kan gjerne strekkje seg lenger med å gje folk ei fast og trygg stilling, slik at folk vil og kan flytte heim.

− Er det noko du saknar i Nordfjord?

− Eg kunne tenkt meg ein god symjehall i ytre slik at alle får god symjeopplæring. Elles er her dei tilboda eg treng.

− Kva råd har du til andre utflytta nordfjordingar?

− Kom heim du!

− Kva tykker du om «nye» Nordfjordeid?

− Eid sentrum er blitt veldig flott og handlekraftig, men ein må ikkje legge ein skugge over den sjarmerande Eidsgata. Det beste med Eid er likevel Malakoff sjølvsagt.

− Kva er favorittseriane dine?

− «Presten» og «Modern Family».

− Kva for nyhendemedium brukar du?

− Radio, Facebook og nettavisene.

− Har du eit råd til kommunepolitikarane?

− Gje gode oppvekstvilkår for barn og unge i heile kommunen.

− Skal du på Opera Nordfjord til hausten?

− Nei

− Kvar går årets ferietur?

− Same destinasjon som i fjor – favoritten København.

− Kva har du på nattbordet?

− Eit par linser.