20. april markerte forsvaret 40 årsjubileum for Libanonveteranar på Akershus festning.

I opplegget var det ein stor militær parade med veteranar og militære korps frå inn- og utland.

Paraden gjekk frå festninga til rådhuset via Karl Johans gate.

Anerkjenning

Dette var nasjonen Norge sin endelege anerkjenning av den tenesta som nærare 22.000 norske soldatar utførte i tidsrommet frå påska (6. april) 1978 til desember 1998.

Med den blå UN hjelmen var dei med på å sette sitt eige liv i fare for å gi eit bidrag i garantien for nøytralitet og sikkerheit i den delen av Midt-Austen, fortel veteran Per Ove Sørland, ein av eidarane som deltok på markeringa. Også Ove Haugen var med på markeringa. Dei var der begge i siste kontigent og var med på overlevering til Indi-bataljonen.

Sørland viser til at 21 soldatar mista livet under denne 20 års lange operasjonen som Norge deltok i. Då Norge trekte seg ut så overtok India dette mandat.

At Norge deltok i 20 år i Libanon er også den største utanlandsoperasjonen Norge har vore med på sidan 2. verdskrig.

– Stort å vere med

– Det å kunne få vere til stades på denne paraden var stort. Då paraden svinga opp Karl Johan og ein såg det folkehavet som stod på begge sider av gata var det ikkje fritt for at det kom ein klump i halsen og auga blei litt fuktige, fortel Sørland.

– Snakkisen etterpå hos veteranane var at «Denne anerkjenninga fortente vi», seier han.