First Lego League:

Desse kunne juble for siger

Laurdag gjekk First Lego League av stabelen i Operahuset Nordfjord.
Bildegalleri

Eid vidaregåande skule har i fleire år arrangert First Lego League i Sogn og Fjordane, og år igjen vart det arrangert i Operahuset Nordfjord. Elevane frå grunnskulen møter teknologi, matematikk og naturfag under First Lego League, og kvart år er det ulike oppgåver elevane må løyse. I år var oppgåva «City Shaper», der byane og bygdene møter store utfordringar som transport, tilgjengelegheit og naturkatastrofar.