Små og store imponerte på årets Heiamil

Onsdag vart Heiamila arrangert på Tua i Stigedalen, og det var mange som imponerte under løpet.
Bildegalleri

I strålande sol og blå himmel vart Heiamila onsdag arrangert på Tua. Både store og små var på plass for å anten delta i mosjonsklassen eller konkurranseklassen. I mosjonsklassen, der deltakarane kunne nyte ettermiddagssola på Tua, var det totalt 16 deltakarar med denne gongen. I konkurranseklassen der ruta var nesten inn til Movatnet og tilbake, var det rundt 18 deltakarar frå tolv til 77 år som stod på startstreken onsdag. Berre to av desse var kvinner.