Sjå bildeserie

Stor fotballglede på fotballskule

Denne veka har Tine Fotballskule vore arrangert på Nordfjordeid, og barna har hatt mykje fotballglede.
Bildegalleri

Tine Fotballskule har vore arrangert rett før skulestart i mange år, og dette året var ikkje noko unntak. Totalt 157 gutar og jenter var måndag, tysdag og onsdag denne veka rundt om på fotballbanene på Nordfjordeid for å lære og spele fotball. Trass i varierande vêr desse dagane ser det ut til at barna har hatt mykje glede av fotballskulen og ikkje minst lunsj.